Seksjonsleiar for sivilsaker, Åsta Bakke-Mjelde, fortel at talet utleggssaker auka med 18 prosent i fjor.
Seksjonsleiar for sivilsaker, Åsta Bakke-Mjelde, fortel at talet utleggssaker auka med 18 prosent i fjor.

Tal frå politiet: Osingane held fram med å pådra seg gjeld

I 2016 var det ein dramatisk vekst i talet inkassosaker. Utviklinga held fram også i 2017.

– Veksten er ikkje like stor som i 2016, men det er framleis stor vekst, seier seksjonsleiar for sivilsaker, Åsta Bakke-Mjelde.

Små beløp blir store

I 2016 voks talet utleggsaker med 31 prosent om ein samanliknar med året før. Utlegg tyder at den som skuldar pengar, får eigendelar pantsette eller at han får tvunge lønstrekk til gjelda er betalt. Talet saker var på 1.137 i 2015, og 1.495 i 2016, medan det i fjor var 1.758 utleggssaker. Auken i prosent frå 2016 til 2017 er 18 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein del av grunnen er at kredittkort er så lett tilgjengeleg. Det er lett å stifta gjeld. Det er mange som ikkje skjønar konsekvensen, og ikkje forstår alvoret. Ein må betala rekningane sine. Sjølv små beløp blir raskt store om dei går til inkasso, seier Bakke-Mjelde, før ho kjem med eit døme:

– Om ein har vore hos fastlegen, er eigendelen på om lag 240 kroner. Om ein ikkje gjer opp for seg på eit par månader, har den same rekninga vakse til 3.951 kroner – utan renter.

– Ein må visa initiativ

Talet syner ikkje talet personar som har pådrege seg inkasso-gjeld.

– Ein person kan ha fleire krav på seg, og kvart krav blir talt som ei enkelt sak, seier Bakke-Mjelde.

Om ein ikkje kan gjera opp for seg, bør ein kontakta inkassobyrået, tiltår ho.

– Ein må visa initiativ og prøva å koma fram til ei ordning. Det er mange som vegrar seg for å gjera det, eller dei veit ikkje korleis dei skal gå fram, men etter at dei har gjort det, kjenner dei ei lette.

Fleire tvangssal

I 2017 var det 20 utkastingssaker i Os, fordi dei ikkje har gjort opp for seg. Det er fem saker fleire enn i 2016.

– I januar i år har det vore fem utkastingssaker, seier Bakke-Mjelde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Talet tvangssal har auka frå 28 saker i 2016 til 43 saker i 2017.

– Dei fleste sakene er bilar. Det er større verdiar enn tidlegare. Det kan ha noko med status å gjera. Folk kjøper seg flotte bilar for statusens del, men så klarer dei ikkje å innfri billånet. Det går ikkje mange månader utan betaling før banken kan ta frå ein bilen. Endar det med tvangssal sit ein att med eit restlån og gebyr til sakshandsaming, og bilkjøp i seg sjølv er som kjend ikkje god butikk.