Ny sveis: Nokre var villige til å ofra meir for kreftsaka enn andre på Fusa vidaregåande skule denne veka. Tarjei Gramstad Indrebø «shava» av seg alt håret.

Tarjei fekk ny sveis. Heldigvis gjekk inntektene frå utfordringa til ei god sak

Kreativiteten er stor når russen på Fusa vidaregåande skule skal samla inn pengar til Kreftforeningen.

Dei siste dagane har det vore mange artige påfunn i regi av avgangselevane på Fusa vidaregåande skule.

I samband med Kreftforeningens innsamlingsaksjon (tidlegare Krafttak mot kreft) har elevane nemleg funne nye metodar for å samla inn pengar til kreftsaka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre har hoppa i sjøen, andre har framført kjærleiksdikt i kantina eller sunge balladar for rektor. Presidenten sjølv måtte krabba gjennom heile Spar-butikken for å kjøpa lunsj. Medan Tarjei Gramstad Indrebø rett og slett lét «lokkene» falla. For den «challengen» fekk Kreftforeningen heile 2.500 kroner.

– Eg var litt stor i kjeften og fleipa med at om nokon donerte 2.500 kroner så skulle eg skinna meg. Før eg fekk tenkt meg om, var det nokon som alt hadde vippsa pengane. Då var det for seint å trekka seg, seier 19-åringen som meiner sveisen vart betre enn frykta.

– Målet med utfordringane var å samla inn 5.000 kroner til saman, men med kakesalet er vi komne opp i rundt 6.700 kroner, fortel russepresident Nora Lyssand Oseth.

Innbringande lokker: Beviset på at Kreftforeningen fekk 2.500 kroner for håret til Tarjei Gramstad Indrebø.

Sjølv måtte ho som nemnt krabba til butikken for å kjøpa lunsj – iført Neymar-drakt.

– Vi hadde utkledingsdag. Alle måtte kle seg ut som nokon eller noko som starta på forbokstaven deira. Eg var Neymar, visepresident Maren Sævild var Messi, seier ho og smilar.

Har ikkje med seg bøsser

Russen har også hatt besøk frå Håkon Larsson-Fedde frå Kreftforeningen. Han fortalte mellom anna om viktigheita av å setja av tid til aksjonen på søndag.

Då skal nemleg dei vel 40 avgangselevane ved Fusa vidaregåande skule gå frå dør til dør og samla inn pengar. Og for første gang er det ingen som har med seg bøsser, men ein A4-plakat med QR-kode og Vipps-nummer, opplyser Kreftforeningen på nettsida si.

– Elevane bestemmer sjølv når på dagen dei vil gå, men vi held oss på Fusa-sida av fjorden og så tek Os-skulane seg av Os-sida, fortel Oseth.

Artikkelen held fram under annonsen.

25. april er det russedåp. Russepresidenten fortel at russen også har planar om ein del fellesarrangement, som volleyballturnering og overnatting utanfor skulen, der alle avgangselevane kan delta.

– Vi skal også ha nokre arrangement i lag med Os-skulane. Mellom anna ei fotballturnering. Det blir veldig kjekt, slår ho fast.

Kakesal: Det vart litt pengar frå kakesalet også. Russepresident Nora Lyssand Oseth (t. v.) saman med visepresident Maren Sævild.
Kreftforeningens innsamlingsaksjon

Kreftforeningens innsamlingsaksjon er ein landsomfattande innsamling, og den nest største i Noreg etter TV-aksjonen. Sidan 2006 er det samla inn over 470 millionar kroner til forsking på kreft.

Årets aksjon går av stabelen frå 4. til 10. mars. 2024 er det første året der ingen går med bøsse. Det vert med andre ord ikkje mogleg å gi kontantar, men innsamlarane har med seg små kort med oversikt over alternative måtar å støtta aksjonen på.

Hausten 2023 endra aksjonen namn frå Krafttak mot kreft til Kreftforeningens innsamlingsaksjon. Pengane frå årets aksjon går til forsking slik at alle kreftpasientar som kan ha nytte av det, får tilbod om ein gentest tidlegare i forløpet, og dermed den beste behandlinga basert på resultata.

Så langt i år der det samla inn 14.197.911 kroner i aksjonen.

Kjelde: Kreftforeningen