Taxisjåfør måtte få hjelp frå politiet
Natt til søndag tok ein taxisjåfør kontakt med politiet.
– Natt til søndag måtte vi hjelpa ein taxisjåfør som hadde ein kunde som nekta å betala for turen, skriv politioverbetjent Atle Birkeland i ein e-post.
Kva som var bakgrunnen, er uvisst for politiet.
Annonse
– Men det ordna seg då kunden gjorde opp for seg, skriv Birkeland.
Bråk på busstopp
Seint laurdag kveld fekk politiet fleire meldingar frå Halhjemsvegen. Der skal det ha vore amper stemning på eit busstopp ved Halhjem Kafé.
– Det hadde vore russeslepp på staden. Ein gutegjeng på om lag 12 personar var aggressive og mellom anna knuste flasker. Alle ungdomane forsvann på bussen før politiet kom til staden. Ingen nye meldingar, så då reknar vi med at dei fekk roa seg ned og at bussturen gjekk fint, skriv Birkeland.