Hendinga skal ha skjedd i området ved Osbadet. (Arkivfoto)
Hendinga skal ha skjedd i området ved Osbadet. (Arkivfoto)

Tek Kuventræ-saka på alvor

Politiet vil gå gjennom video frå området ved Osbadet etter at ein mann skal ha gitt sjokolade til nokre born onsdag etter skuletid.

Det var kl. 13.30 i går onsdag, at politiet fekk inn melding om at born på Kuventræ skule skal ha fått sjokolade frå ein mann i området ved Osbadet. Mannen skal ha vore i 20-åra. Han skal ha sagt at han hadde meir sjokolade i bilen som dei kunne få. Mannen skal også ha vore saman med fleire andre menn og ei kvinne.

- Vi tek slike saker på stort alvor og vil sjølvsagt undersøka vidare ved å gå gjennom video frå området. Naturleg nok vil vi også auka patruljeringa i området, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Får de ofte inn liknande meldingar der det viser seg å ikkje handla om kriminell åtferd?

- Ja, det skjer frå tid til anna.

Dersom det i denne saka skulle bero på ei misforståing, så vil vi be vaksne som måtte kjenna seg att i beskrivinga, om å ta kontakt med oss. Vi er også interesserte i tips dersom nokon har sett noko, seier han.