Akvakultur er eit sentralt tema i den regionale kystsoneplanen. Av planen går det fram at det er kommunane som må gjera lokale tilpassingar og konsekvensutgreiingar knytt til akvakulturområda, samt vurdera akvakulturinteressene opp mot andre interesser. (Illustrasjonsfoto)
Akvakultur er eit sentralt tema i den regionale kystsoneplanen. Av planen går det fram at det er kommunane som må gjera lokale tilpassingar og konsekvensutgreiingar knytt til akvakulturområda, samt vurdera akvakulturinteressene opp mot andre interesser. (Illustrasjonsfoto)

Tek sikte på lokale tilpassingar

Samstundes med at Fusa kommune arbeider med å utvikla ein akvakulturplan for kommunen, er ein regional kystsoneplan på trappene. - Vi kjem til å dra nytte av kunnskapsgrunnlaget i den regionale planen, men med lokale tilpassingar.

Det seier arealplanleggjar i Fusa kommune, Helle Holte Bruland.

29. mars går fristen for å koma med innspel til Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger ut. Planen vart lagt ut på avgrensa høyring i midten av februar, og omfattar sjøareal og strandsone i kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Fusa, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes, og sjøareal i Vindafjord kommune i Rogaland. Planen har eit tidsperspektiv på 12 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medan Fusa kommune starta arbeidet med kommunedelplan for akvakultur hausten 2016, nærmar arbeidet med den regionale kystsoneplanen seg ferdig.

Den regionale planen får ifølgje Bruland verknader for Fusa kommune av di planen gjer grep for bruk og vern av areal- og naturressursar i delar av Bjørnefjordbassenget. Men det vil likevel vera mogleg å gjera lokale tilpassingar, påpeikar arealplanleggjaren.

- Fusa kommune tek sikte på å utarbeida ein lokal akvakulturplan som imøtekjem lokale behov, seier Bruland og legg til:

Arealplanleggjar Helle Holte Bruland. (Arkivfoto)
Arealplanleggjar Helle Holte Bruland. (Arkivfoto)

- Det er gjort mykje godt arbeid i samband med kystsoneplanen, og vi kjem sjølvsagt til å dra nytte av det kunnskapsgrunnlaget.

Fire plantema

Den regionale kystsoneplanen inneheld fire plantema: Berekraftig kystsoneplanlegging, akvakultur, sjøtransport og maritim næring og strandsona.

Bruland veit førebels ikkje kva Fusa kommune kjem til å leggja vekt på i uttalen sin til planen, men arealplanleggjaren påpeikar at det kan verta ei utfordring at kystsoneplanen berre omfattar halve Bjørnefjordbassenget. For medan Fusa og Tysnes er med, er Samnanger og Os ikkje inkludert i planen.

- Sjølv om vi har ulike utfordringar knytt til akvakultur, så er Samnanger, Os, Austevoll og Tysnes relativt tett på kvarandre i fjordsystemet, seier Bruland.

Hovudmålet med den regionale kystsoneplanen er at kystsona i Sunnhordland og ytre Hardanger skal nyttast "i balanse mellom bruk og vern av areal- og naturressursar og medverka til ei berekraftig samfunns- og næringsutvikling til beste for innbyggjarane og miljøet".

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare går det fram at det skal leggjast til rette for at marine og maritime næringar i området kan utvikla seg vidare til å vera lønsame og konkurransedyktige i eit langsiktig perspektiv innanfor rammene av ei berekraftig utvikling.

Færre og større lokalitetar

Når det gjeld akvakultur, går det fram av planen at det er kommunane som må gjera lokale tilpassingar og konsekvensutgreiingar knytt til akvakulturområda, samt vurdera akvakulturinteressene opp mot andre interesser.

- Reversible konsekvensar bør avgrensast, og eit område skal kunna framstå som upåverka etter ei tid med brakklegging. Spørsmålet blir kor grensa går mellom kva som er akseptabel påverknad og kva som ikkje er det, heiter det.

Vidare går det fram at utviklinga i akvakulturnæringa går i retning av færre og større lokalitetar. Dette er ifølgje planen ønskjeleg.

- Det er generelt ønskjeleg at ein aukar produksjonsvolum på gode lokalitetar mot at ein legg ned dårlegare lokalitetar. Dette vil kunna gje positiv effekt på lusesituasjonen og betre kontroll på sjukdom og smitte, heiter det.

Planen peikar også på at nye produksjonsmåtar og artar vil kunna krevja annan type sjøareal enn dagens merdteknologi, og område som vert utnytta.

- Store delar av kysten er i dag utilgjengeleg for oppdrett på grunn av at områda er eksponerte for tøffe vind-, bølgje- og straumforhold. Desse områda kan truleg ikkje nyttast til anlegg med tradisjonell merdteknologi. Moglege føremoner med å ta i bruk meir eksponerte lokalitetar kan vera redusert lusepåslag, auka vassgjennomstrøyming i merdane, mindre miljøpåverknad frå anlegga og betre produksjon/høgare kapasitet per anlegg.

Truleg ligg bruken av slike lokalitetar noko fram i tid. Planframlegget opnar likevel for denne moglegheita, ved å setja av høvesvis store areal der slike anlegg potensielt kan etablerast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fisk på land lenger?

Ifølgje akvakulturanalysen er det påvist at dagens oppdrettsaktivitet i planområdet har uheldig påverknad på vill laksefisk. For å få betre kontroll på utfordringane, er det eit ønske å ha fisken på land lenger før ein set han ut i sjø.

- Slik situasjonen er i dag når det gjeld påverknad frå akvakultur på vill laksefisk, vil det vera lite aktuelt å utvida produksjonskapasiteten i planområdet. Dersom næringa løyser utfordringane knytt til lusesituasjonen, vil det vera mogleg å auke produksjonen gjennom tilgang på meir areal, utviding av eksisterande lokalitetar, samt endring i produksjonsmetode (postsmolt). Nasjonale mål om berekraftig utvikling må liggja som premiss for vurderingane som arealmessig legg til rette for produksjonsauke. Under desse føresetnadene kan regionen ta del i den nasjonale veksten som er ønskjeleg for næringa, heiter det.

Naust, ikkje fritidsbustader

Når det gjeld strandsona, seier planen at det er eit mål å ivareta allmenne interesser og unngå uheldig utbygging. Samstundes opnar ein også opp for utvikling og bruk av strandsona gjennom ein balanse mellom bruk og vern.

- Regelverket har ikkje endra seg. Byggeforbodet i 100-metersbeltet i strandsona gjeld framleis i område som ikkje er sett av til bygging. Men i 2011 vart det utarbeidd «Statlege planretningslinjer for differensiert forvalting av strandsona langs sjø», opplyser Bruland.

- Dei statlege retningslinene erstattar ikkje lovverket, men skal leggjast til grunn i den kommunale planlegginga, i planbehandlinga og i behandling av dispensasjonssøknader, legg ho til.

I kystsoneplanen går det fram at ved etablering av nye naustområde, så bør nausta plasserast i klynger med god tilkomst for ålmenta mellom naustgruppene.

Det vert òg peika på at det er viktig å ha eit klart skilje mellom naust og fritidsbustader/bustader.

- Nausta må ha eit volum og ei utforming som er naturleg i høve til det føremålet nausta skal stetta. Dette inneber mellom anna at nausta ikkje må få preg av å vere ein fritidsbustad, heiter det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bruland påpeikar at politikarane i arealplanen til Fusa kommune (vedteken i oktober 2015) har definert naust som uthus/bod med eit bruksareal på inntil 40 kvadratmeter.

- Det står òg at naust ikkje skal innreiast eller nyttast som hytte, seier ho og legg til:

- Vi må heile tida sjå til lovverket. Om vi ønskjer å utfordra definisjonen av naust, så trur eg vi møter kvist. Og om vi ønskjer å byggja fritidsbustader i staden for naust, så må ein vera opne om det, meiner arealplanleggjaren.

I samband med kystsoneplanen er det utarbeidd ein handlingsplan for gjennomføring av planen. Denne skal rullerast årleg.

- Planen tek ikkje stilling til detaljerte spørsmål. Det er naudsynt å avklara desse med bakgrunn i lokal kunnskap og prioriteringar, heiter det i planen.