Politiet har fått tre valdsepisodar å følgja opp sidan i går ettermiddag.
Politiet har fått tre valdsepisodar å følgja opp sidan i går ettermiddag.

Teken for promillekøyring

Føraren som vart teken for promillekøyring i Os sentrum laurdag, mangla òg gyldig førarkort.

Mannen, som er i 30-åra, vart stogga i Os sentrum like før klokka halv seks søndag morgon.

– Han bles til raudt på alkometeret og vart teken med til legevakta for blodprøve. Han hadde heller ikkje gyldig førarkort, opplyser vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt tidlegare på kvelden, i 23-tida, vart det meldt festbråk frå ei adresse aust i Os.

– Patruljen var på staden og bad festdeltakarane om å roa seg. Politiet sitt råd om å dempa støyen vart etterkome, er beskjeden frå politiet.

Klokka halv seks laurdag ettermiddag vart patruljen passert av ein bilførar som snakka i mobiltelefonen. Hendinga fann stad i Lyseklosterområdet, og føraren godtok førelegget på 1.650 kroner på staden. Førelegg vart det også på kvinna som hadde litt for stor fart på Halhjemsvegen. Kvinna vart målt til 87 kilometer i timen i 70-sona (snittmåling) og må ut med 4.600 kroner i bot.

Vakthavande betjent kan òg opplysa og at politiet fekk melding om ein daud sau i Lysefjorden laurdag føremiddag.

– Det vert ikkje gjort operative tiltak frå politiet si side, seier han.