Teken med narkotika

Ein mann vart natt til i dag teken med ein mindre mengde narkotika på seg, og politiet har oppretta sak.

Sindre Hallem ved politiet fortel at dei fekk tips om ein mann som skrudde på ein motorsykkel inst i Normarka. Då patruljen kom fram, viste det seg at mannen var ein kjenning av politiet, og at han hadde ein mindre mengde narkotika på seg. 

Litt før kl 03 i natt stansa politiet ein bilførar i Mobergsbakken. Mannen, som er i slutten av 20-åra. bles raudt med verdi monaleg over det som er lovleg. Mannen vart teken med til legevakta for blodprøve, og politiet tok beslag i førarkortet. Det er oppretta sak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om lag 20 minutt etter fekk politiet melding om at ei rusa kvinne nekta å forlata taxibua i Os. Patruljen kom til staden og fekk fjerna kvinna.

Trafikkuhell

Kl 00.10 natt til i dag fekk politiet melding om ei trafikkulukke i Hegglandsdalen. To ungdomar var involvert i ulukka der ein bil køyrde i fjellveggen. Det gjekk heldigvis bra med dei involverte og skadeomfanget var avgrensa. Politiet oppretta ikkje sak.

I går kveld måtte politiet også bistå i sentrum, der ein person ville ha hjelp til å få fjerna to vaksne menn frå eigen bupæl.

I går føremiddag var ein patrulje også ute og sjekka ein varebil ved OHARA-anlegget på Kuhnle.

- Ein bebuar hadde registrert ein varebil i området. Med tanke på tidspunktet, fann me dette mistenkjeleg, og reiste ut og sjekka. Det viste seg at det var ein feil på anlegget, og at det var ein arbeidar på staden. Men me er uansett veldig glade for at folk tipsar ved slike høve. Det har jo vore ein del dieseltjuveri, blant anna. Det er betre å sjekka ein gong for mykje enn ein gong for lite, seier Hallem.