Eit tips i natt gjorde at politiet kunne gripa inn overfor dei mistenkte stoffbrukarane. (Illustrasjons
Eit tips i natt gjorde at politiet kunne gripa inn overfor dei mistenkte stoffbrukarane. (Illustrasjons

Tekne for bruk av amfetamin og hasj

Politiet tok ein person og to mindreårige for bruk av narkotiske stoff i natt.

Tre personar er melde for bruk av amfetamin og hasj i eit husvære i Os i natt. Kenneth Rastad ved Os lensmannskontor opplyser at dei to mindreårige ikkje høyrer heime i bygda, og vart transporterte heim av politiet fredag føremiddag.

Historikk avgjer reaksjon

- Vert reaksjonen ulik i forhold til dei som er under og vedkomande som er over den kriminelle lågalderen?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det kjem an på kva historikk dei har. Når det gjeld dei som ikkje er frå Os, vert det opp til lokale mynde å følgja opp etterforskinga. Elles er det vanleg å vurdera moglegheita for urinprøve-kontrakt, seier Rastad.

(Ein urinprøvekontrakt er ei frivillig ordning der pågripne leverer urinprøver med jamne mellomrom for å prova at dei er rusfrie, journ. mrk.)

Rastad opplyser at politiets aksjon vart utløyst av eit tips.