Rask løysing?: Telenor håper å få løyst problema raskt.

Telenor har problem med mobilnettet

Telenor-kundar i heile landet opplever uro på mobildata og kan ha problem med å få ringt. Selskapet håpar å få løyst feilen raskt.

VG melde om problema rett før klokka 11 onsdag formiddag.

– Vi opplever for tida uro på mobildata og det fører til at folk kan oppleva at det er vanskeleg å få ringt og kan oppleva brot under samtalen, seier pressesjef Anders Krokan i Telenor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Selskapet opplyser at problema gjeld heile landet.