Helge Steinum kom med ei rekkje harde åtak, og 

Terje Søviknes sa i mot så mykje han berre kunne under ordførarduellen.
Helge Steinum kom med ei rekkje harde åtak, og Terje Søviknes sa i mot så mykje han berre kunne under ordførarduellen.

Temperatur under «Os og Fusapostens» debatt

Helge Steinum (Ap) og Terje Søviknes (Frp) møttest til ordførar-duell. Tilhøyrarane fekk grilla politikarane. Høgast temperatur vart det likevel då flyktningkrisa vart debattert under «Os og Fusapostens» debatt i kveld.

Fire dagar før kommunestyrevalet arrangerte «Os og Fusaposten» den første valdebatt i lokalavisas historie. Med nøye utvalde tema som flyktningskrisa, bru over Bjørnefjorden, Bjånesutbygging og det 16 årige Frp/H-styret, låg alt til rette for ein god diskusjon.

Lova å ta imot fleire flyktningar

Flyktningskrisa vart diskutert som ein eigen 20-minutters bolk. Frp og Høgre vart pepra ganske grundig av dei andre partia for at dei har vore restriktive med å busetja flyktningar i bygda. Mellom anna vart BTs #Kandulove løfta fram, der Frp og Høgre i Os svarte nei på spørsmål om dei kunne lova å ta i mot fleire flyktningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men på det tidspunktet hadde me ikkje ein gong fått vita kor mange flyktningar Os blir beden om å ta i mot, forsvarte Marie Bruarøy (H) seg.

- Spørsmålet hos BT vart stilt før krisa eskalerte dei siste 3-4 vekene. Ingen kunne då forutsjå at den krisa då skulle eskalera så enormt, sa Terje Søviknes (Frp). Han viste også til at det ikkje var noko enorm skilnad på dei 25 flyktningane opposisjonen hadde føreslått å ta i mot, til skilnad frå posisjonens 15.

- Det er heilt feil at denne ekstraordinære situasjonen ikkje var kjent før august, sa Nils-Anders Nøttseter (MDG), og viste til deira landsmøtevedtak frå april der dei mellom anna går inn for ein særkvote for syriske flyktningar.

- Tull, tull tull! Slik karakteriserte Nils-Anders Nøttseter (MDG) Søviknes sitt svar under flyktningdebatten.
- Tull, tull tull! Slik karakteriserte Nils-Anders Nøttseter (MDG) Søviknes sitt svar under flyktningdebatten.
Anne Marie Aarøen Vangsnes frå «Os og Fusaposten» var ordstyrar.
Anne Marie Aarøen Vangsnes frå «Os og Fusaposten» var ordstyrar.

Terje Søviknes og Marie Bruarøy opna på si side opp for at dei vil ta i mot fleire i Os dei komande åra når saka kjem til ny behandling i kommunestyret.

- Då kan de sitja att ti minutt etter debatten og berre bli einige, kommenterte ordstyrar Anne Marie Aarøen Vangsnes.

Spørsmål frå salen

Etter ordførarduell der Helge Steinum (Ap) anklaga Terje Søviknes for å gjeve osingane alt for høg gjeld, var det kaffipause avrunda med eigenkomponert musikk frå det lokale songtalentet Anna Søfteland Neset. Så vart det opna for spørsmål frå salen.

- Kva må til for at du skal bli ordførar, Marie Bruarøy, spurde Lisa Nøttseter.

- Det er berre å stemma på Høgre det. Dersom me får 50 prosent, er valet enkelt, sa Bruarøy. Samtidig avviste ho ikkje heilt eit samarbeid på tvers av partia om valresultatet skulle tilseia det.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Å driva med politikk handlar om å prioritera. Kva har du nedprioritert, Terje Søviknes, spurde Tone Hepsøe (Ap).

- Det er meir snakk om at ting vert utsett, enn at dei ikkje vert prioritert i det heile. Til dømes kunne nyutbygginga ved Kuhnletunet helst vore påbegynt nokre år før, svara Søviknes.

- Terje Søviknes er dyktig til å selja dei store prosjekta Frp/H har igangsett, som Osbadet, men samtidig er det meir kvardagslege ting som er blitt nedprioritert, slik som skulesatsinga, meinte Jon Sivert Rykkel (V).

Søviknes var ueinig og viste mellom anna til det igangsette "Prosjekt betre læringsresultat".

Diskuter vidare!

Les meir om debatten i avisa på laurdag! Og delta gjerne i ein fortsatt diskusjon på våre facebook-sider.