Ulukke på Strønevegen: Politiet opplyser at det onsdag fann stad ei trafikkulukke på Strønevegen.

Tenåring køyrd til Haukeland etter trafikkulukke

I 19-tida onsdag fekk politiet melding om ei trafikkulukke mellom ein bil og ein moped på Strønevegen.

— Eigar av bilen er ei kvinne i 40-åra. Ho blåste til 0,0 i alkometeret. Ho hadde med seg ein passasjer i bilen. Førar av mopeden er ein mann i tenåra. Politiet var på staden. Førar av mopeden blei køyrd til Haukeland. Skadeomfanget er uvisst då føraren av mopeden ikkje lenger var på staden då politiet kom, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.

Vidare skriv Lyssand at det ikkje er opplysingar om skade på bilen eller mopeden i loggen. Føraren av bilen og passasjeren skal sjølv ha drege til legevakta for sjekk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stoppa sjåfør ved Joker Søfteland

Ein knapp time etter at denne meldinga kom inn onsdag kveld, stoppa og kontrollerte politiet ein bilførar ved Joker på Søfteland.

Bak rattet sat ein mann i 30-åra.

— Det er mistanke om ruskøyring. Vedkomande blei teken med til legevakta for blodprøve. Førarkortet blei ikkje beslaglagt. Det er oppretta sak, skriv Lyssand.

Død rev utanfor tunnel

Natt til torsdag kom det inn melding om påkøyrd vilt ved Skogafjellstunnelen.

— Det var ein rev som låg død like utanfor Skogafjellstunnelen på sørsida. Vegtrafikksentralen blei varsla, opplyser Lyssand.