I Fusa vert det bål på Leiro i Eikelandsosen. I Os vert det bål på Bahus, hos Øyvind Thorsen i Osvegen.
I Fusa vert det bål på Leiro i Eikelandsosen. I Os vert det bål på Bahus, hos Øyvind Thorsen i Osvegen.

Tenner bål mot landbruksmeldinga

I dag vert det tent varselbål både på Os og i Fusa. Bondelaga meiner den nye landbruksmeldinga angrip landbruket frå alle kantar.

- Spesielt kjem landbruket på Vestlandet dårleg ut. Me brenn av den grunn bål for å varsla om fare, forklarer Lars Inge Vik i Fusa Bondelag.

Han meiner det slett ikkje er sjølvsagt at det vert landbruk over heile landet med regjeringa si liberale landbrukspolitikk. - Den nye politikken vil føra til sentralisering, og landbruket slik me kjenner det kan bli endra. Arbeidsplassar står i fare. Matjord vert ståande unytta, kommenterer Vik.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Fusa vert det bål på Leiro i Eikelandsosen. I Os vert det bål på Bahus, hos Øyvind Thorsen i Osvegen.

- Ved å tenna bål i heile landet vil vi protestera mot en jordbruksmeldinga som gir auka liberalisering og svekkjer politikken. Det er inga selvfølge at vi har eit jordbruk frå nord til sør i dette landet, og eit mangfald av gardar. Det er dette vi brenn for og vil ha meir av, seier Olav Botnevik frå Os Bondelag.