Terje Søviknes seier i kveld at Os greier seg godt utan konkursbuet Fusa kommune.
Terje Søviknes seier i kveld at Os greier seg godt utan konkursbuet Fusa kommune.

Terje Søviknes sjokkert og skuffa

Søviknes er ikkje mykje imponert over utspelet frå ordførarkollega Kvåle i kveld. - Han var ikkje mann nok til å seia det rett til meg, seier Os-ordføraren.

Terje Søviknes fekk meldinga om at Fusa no etter alt å dømavil seia nei til kommunesamanslåing via «Os og Fusaposten». Nettopp det gjer brotet ekstra ille, synest ordføraren.

Eit tillitsbrot

- Eg snakka med Atle Kvåle på telefonen for to timar sidan. Det var etter at dei hadde hatt gruppemøte i Ap og dei andre partia i Fusa. Og då sa han at det var viktig å ikkje seia nei til samanslåing før folket hadde fått sagt si meining. Og så kjem dette like etterpå. Det sjokkerer meg. Det er eit tillitsbrot mellom ordføraren i Fusa og meg sjølv. Han var rett og slett ikkje mann nok til å seia det direkte til meg, og det skuffar meg stort, seier Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han opplevde at dei var samde om å stå løpet ut fram til endeleg vedtak i kommunestyra i mai, og i alle fall til etter meiningsmålinga.

- Kva vil dette få å seia for Os?

- For oss vil det ikkje bety så mykje. Me klarer oss godt som ein kommune. Slik sett er det ei lette for oss. Me slepp å bera byrden av den dårlege økonomien i Fusa, og me slepp å dekka inn bortfallet av eigedomsskatten i Fusa. Når dette kjem no midt i prosessen er eg freista til å seia "ja, då kan de segla dykkar eigen sjø". Me køyrer vidare på vårt gode spor. Me greier oss godt utan konkursbuet Fusa kommune, seier han.

- Og sjølve kommunereform-prosessen kva vil skje med den? Blir det noko meiningsmåling no?

- For vår del tenkjer eg det er klokt å ha halda hovudet kaldt og fullføra prosessen. Men det blir unekteleg litt rart å ha ei meiningsmåling viss Fusa i utgangspunktet har sagt nei, og ikkje ein gong vil høyra folket. No veit eg ikkje korleis Tysnes vil opptre, men eg vonar at det blir litt meir profesjonelt enn dette, seier Søviknes.

- Siste ord ikkje sagt

Han legg til at det heile seier mykje om det politiske livet i Fusa.

- Arbeidarpartiet i Fusa og Senterpartiet har jo kjempa som hund og katt i skulesaka, og no skal Ap liksom ha sikra seg fleirtal i lag med Sp? Eg skjønar ikkje noko av det. Men eg trur ikkje siste ord er sagt i denne saka.

- Trur du det kan bli tvangssamanslåing likevel?

- Det kan bli nye rundar. Fylkesmennene skal inn og vurdera reformprosessen i oktober. Og seinare skal regjering og Storting seia sitt. Det er fleire som har litt å seia i denne saka enn berre nokre politikarar i Fusa, avsluttar ordføraren.