Tett tåke: Tåka låg tett på Halhjem og andre stader i kommunen i morgontimane 2. påskedag.

Begge ferjesambanda i normal drift igjen

Tåka låg tett i morgontimane måndag.

Det skapte problem for ferjetrafikken.

Tidleg måndag var ferjesambandet mellom Halhjem og Våge innstilt. Etter kvart vart også ferjene mellom Halhjem og Sandvikvåg kansellerte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje ei melding på Fjord1 si nettside vart det frå klokka 09.15 normal drift i sambandet mellom Halhjem og Våge igjen. Då klokka nærma seg 10 varsla også Torghatten Nord at dei gjenopptek rutene sine frå Halhjem til Sandvikvåg.