Ein konsekvens: - Tala vi ser er ein konsekvens av at folk har vore på ferie og gjerne tatt lett på smittevernet, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Ti nye smittetilfelle tysdag. No skal kriseleiinga drøfta tiltak

Ti personar fekk påvist covid-19 tysdag 17. august. I ettermiddag skal Kommunal kriseleiing (KKL) diskutera aktuelle tiltak på grunn av dei høge smittetala.

Dei ti tilfella tysdag var:

Tre barn i barneskulealder. To smitta i utlandet, eitt i husstanden. Ingen av barna har vore på skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ungdomsskuleelev. Kjend smitteveg. Har ikkje vore på skulen.

To elevar ved vidaregåande skule. Éin fekk påvist smitte ved hurtigtest på skulen i går, éin er smitta i husstanden og har ikkje vore på skulen. Smittevegen er kjend.

Mann i 40-åra. Smitta i utlandet.

Mann i 40-åra. Smitta i husstanden.

Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg.

Kvinne i 20-åra. Ukjend smitteveg.

Les også
Ti nye smitta måndag. Fleire har ukjend smitteveg.
Les også
Fem nye smittetilfelle i helga. Mange har teke oppmodinga om å testa seg

– Smitteutviklinga i Bjørnafjorden er betydeleg, og dessverre i takt med smitteutviklinga i heile Vestland fylke. Tala vi ser er ein konsekvens av at folk har vore på ferie og gjerne tatt lett på smittevernet. Når vi vender tilbake til kvardagen, ser vi dessverre at smitten spreier seg, konstaterer kommuneoverlege Klaus Melf og held fram:

– Difor er det så viktig at vi held oss heime og testar oss dersom vi har symptom. Ingen med luftvegssymptom skal gå i barnehagen, på skulen eller på jobb.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han understrekar at ein negativ hurtigtest ikkje er ein garanti for at du ikkje er smitta.

– Dersom du utviklar symptom etter at du har fått negativt svar på ein hurtigtest, held du deg heime og tar ny test, seier Melf.