Joker-butikken fekk store skadar på inngangspartiet i samband med innbrotet i natt.
Joker-butikken fekk store skadar på inngangspartiet i samband med innbrotet i natt.

Tiande innbrot på ti år

Det er ikkje første gong Joker-butikken på Søfteland vert utsett for innbrot. Ifølgje tilsette i butikken har Joker'n hatt ubodne gjester ti gonger på ti år.

- Det er trasig. At dei ikkje kan gje fred. Det er arbeidsplassen vår, seier ein tilsett som ikkje vil ha namnet sitt i avisa.

- Det ligg i bakhovudet ditt kvar gong du kjem på jobb. Har det vore folk inne i butikken i natt?

Artikkelen held fram under annonsen.

Då «Os og Fusaposten» var på staden, var dagleg leiar Petter Knudsen oppteken med å snakka med politiet.

Butikken fekk overvakningskamera for eitt år sidan. Det ser ikkje ut til å ha skremt vekk tjuvane. Seinast for éin månad sidan var det folk inne i butikken og stal øl. Denne gongen ser det ut som det var tobakksvarene som freista mest.

- Den einaste staden dei ikkje har gått inn, er gjennom golvet.

Joker-butikken på Søfteland har vore utsett for mange innbrot dei siste åra.
Joker-butikken på Søfteland har vore utsett for mange innbrot dei siste åra.

Braste inn i butikken

Det var i 01-tida natt til tysdag at ein bil braste gjennom inngangspartiet til Joker-butikken på Søfteland.

Politiet vart varsla omgåande av ein tilsett i butikken.

- Det er litt uklart om han såg innbrotet sjølv, eller om han fekk melding frå andre, men me vart tidleg varsla, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Frode Kolltveit.

Kolltveit fortel vidare at politiet har leitt etter bilen med gjerningspersonane i heile natt.

- Me veit at dei køyrde i retning Bergen, og at dei truleg køyrde ein Ford Escort. Likevel lukkast me ikkje med å finna bilen, seier Kolltveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Full åstadsgransking

I 09-tida tysdag var Os lensmannskontor i full gang med åstadsgranskinga i Joker-butikken på Søfteland.

- Me er på staden og sikrar spor, sjekkar video-materiale og snakkar med folk i området. Inntil vidare vil me ikkje vera meir konkret enn at me veit at det var meir enn éin person som tok seg inn i butikken, seier politiførstebetjent ved Os lensmannskontor, Audun Hadler-Olsen.

Inngangspartiet til butikken vart totalskadd i samband med innbrotet. Håndverkarar er alt på staden, og ifølgje tilsette er planen å opna igjen i løpet av dagen.

- Politi og tilsette må få oversikt over kva som er forsvunne. Etter det me veit så langt er det snakk om ein del tobakksprodukt, seier operasjonsleiar Kolltveit.