Lene Karin og Solveig Sæther i livleg leik med borna.
Lene Karin og Solveig Sæther i livleg leik med borna.

Til hjartet av Afrika!

For andre gong på to år har ei gruppe frå Fusa, pluss nokre fleire, vore på tur til Etiopia, til hjartet av Afrika. På tur i landet med dei store kontrastane mellom rik og fattig.

Etiopia er landet med meir enn 80 ulike stammer og språk. Landet der snart 100 millionar av menneske bur på høgland, 2000-3000 meter over havet, nedover den svære Riftdalen og til lågland med jungellandskap, i storbyar og landsbyar på milevide sletter.

Eit vakkert land. Vakkert folkeslag!

Artikkelen held fram under annonsen.

Me som er turistar sov i gode, reine hotellrom med bad, do og dusj. Røyrsystem og VVS-utstyr som fungerer - for det meste. Me forsynte oss av god mat på fint dekte bord. Me opplevde solvarme, hjartevarme, imponerande kulturskattar, vakker natur med eksotiske dyr og fuglar.

Kontrastane

Ute på eit støvete fortau, midt i folkevrimmelen og trafikken sit ein gut i 10-12-årsalderen og støttar ryggen til ein vegg. Augo er vakne. Men kva er det med hendene hans? Han har trøbbel med å gripa om birr-setelen som blir putta inn i handa hans. Alt han har på seg er ei skjorte. Me som passerer ser rett inn på den nakne rumpa..

I ei anna gate stimar ein flokk nydelege ungar rundt oss. Dei tiggar ikkje så heftig som for to år sidan, men bruker ordet "money" og veit nok kva det betyr. Ungar som leiker blir gjerne skitne. I denne støvete gata må dei bli skitne. Og den som hadde hatt med ein bunke nye T-skjorter og heile bukser til dei..

Harald Geir Sæther og Bruktbuo-representantane Astrid Heidal og Bodil Samnøy møter  brannskadekirurg Einar Eriksen og kona hans, Lillian-Rose.
Harald Geir Sæther og Bruktbuo-representantane Astrid Heidal og Bodil Samnøy møter brannskadekirurg Einar Eriksen og kona hans, Lillian-Rose.
Monolittkyrkjene i Lalibela, ikkje lagd stein på stein, men hogd ut av faste fjellet.
Monolittkyrkjene i Lalibela, ikkje lagd stein på stein, men hogd ut av faste fjellet.
Godt bevarte originale fargar i Treenighetskyrkja i Gonder frå ca år 1700.
Godt bevarte originale fargar i Treenighetskyrkja i Gonder frå ca år 1700.
Keiser Fasilides sitt slott.
Keiser Fasilides sitt slott.
Løveburet.
Løveburet.
Nybygg i stor skala!
Nybygg i stor skala!
Nytt internat med klasserom bygd med pengar frå Fusa kyrkjelyd.
Nytt internat med klasserom bygd med pengar frå Fusa kyrkjelyd.
Tett på flodhestar.
Tett på flodhestar.
Inger og Lene Karin Lundervik på trappa der svigerson/svoger sprang sine barnesko for 40 år sidan, på jordbruksskulen Wondo Genet College of Foresty & Natural Resourse, under Hawassa University.
Inger og Lene Karin Lundervik på trappa der svigerson/svoger sprang sine barnesko for 40 år sidan, på jordbruksskulen Wondo Genet College of Foresty & Natural Resourse, under Hawassa University.
Ny grunnmur på plass.
Ny grunnmur på plass.
Awada kyrkje blir utvida, sponsa av pengar frå Fusa kyrkjelyd. Slik skal kyrkja bli.
Awada kyrkje blir utvida, sponsa av pengar frå Fusa kyrkjelyd. Slik skal kyrkja bli.

Inne i eit gardsrom bak eit bølgeblekkgjerde bur ein familie på 4-5 vaksne kvinner med tre små born. Fire generasjonar. Mennene er borte. Eg leitar etter ord som kan beskriva gardsrommet deira - skykkja vår heime då eg var barn, kanskje. Kjøkenet har ei grue til matlaging. Loket over "steikepanna" er tetta med kumøk.. Vatn i ein gul 10-liters plastdunk. To hus i gardsrommet. Der inne skal det vere ei stove og senger til familien. Bak det eine huset er doen eit hol i bakken. I solsteiken kan ein finna fram i blinde.. Men menneska ser fine og nøgde ut. Dei er vennlege og gjestmilde. Dei spanderer ekte etiopisk kaffi og popkorn. Korleis kan dei greia å halda kleda sine reine?

Reiseleiarane våre, Jorunn og Osvald Hindenes kjenner familien og blir hjarteleg mottekne. Ungdommane i gruppa vår leiker med borna. Det er stor stas!

Kvifor Etiopia?

For det første: I mange år har Tabor Educational Center vore kyrkjelyden i Fusa sitt misjonsprosjekt. Tabor ligg ved Hawassasjøen og har ungdomsskule, vidaregåande skule, bibelskule, presteskule og misjonærutdanning. 900 elevar dette skuleåret. Pengar frå kyrkjelyden i Fusa er brukt til elevstipend, slik at ungdommar som elles ikkje ville ha råd til utdanning får ein sjanse. Dei kan få støtte til skulepengar, opphald i internat og mat. Mange kjem langvegs frå, men får ikkje tilskot til reisepengar.

Etter Fusa-besøket på Tabor i 2013, samla kyrkjelyden heime inn ekstra pengar, fordi utdanningssenteret heldt på å sprengja sin eigen kapasitet. Der er 200 fleire studentar no enn for to år sidan. For tilskotet frå Fusa bygde dei eit nytt internat, med eit klassesrom og sengeplass til 30 studentar. Det var veldig kjekt å sjå at bygget er ferdig og teke i bruk.

For det andre: Bruktbuo gjev ein del av overskotet til ei norsk stifting i Addis Abeba som heiter Childrens Burn Care Foundation, til kirurg Einar Eriksen sitt arbeid. Han opererer born og vaksne som er blitt fysisk handicappa etter brannskade, slik at dei får vitale kroppsfunksjonar tilbake. Det er eventyrleg å høyra om korleis mange, mange får eit nytt liv etter slik behandling. Veldig spennande og kjekt å møta Einar Eriksen, kona hans Lillian-Rose, ein legekollega og ein representant for pasientane hans.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjukehusbesøk blei det også, ikkje på brannskadeavdelinga til Eriksen, men på sjukehuset Yekatit 12, der Anders Holmefjord i åra 2002-13 var med på å byggja opp behandling for leppe/ganespalte-pasientar. Med Anders i spissen vart gruppa vår vist om på sjukehuset med orientering om dette banebrytande arbeidet i Etiopia. Også dette er eit stort arbeid for å gje menneske eit verdig liv.

For det tredje: Me skulle sjå eit byggjeprosjekt i Yirgalem i Sør-Etiopia, sponsa av kyrkjelyden i Fusa. Awada kyrkje er på randa til å bi sprengt. Hundre- på hundrevis av ungdommar strøymer til gudsteneste kvar søndag morgon. Det er ikkje plass inne. Nybygget som skal dobla kapasiteten er påbegynt. Solide grunnmurar for ei ny kyrkje som skal gje plass til 800 menneske er så godt som ferdige. Dette var veldig stort og sterkt å sjå med eigne augo!

"Det er den draumen ein ber på"

Eit par av deltakarane på reisa vår bar på kvar sin draum. Den eine var å sjå kor svigerson/svoger var fødd og sprang sine barnesko. Me kom til porten, uanmeldt og utan forhåpningar om å koma inn. Men jordbruksskulen i Wondo Gennet, der guten vart fødd for ca 40 år sidan, opna port og dører, og heile gruppa på 18 nordmenn fekk omvisning.

Ei kvinne i turistgruppa vår, Marie Rekve frå Voss, hadde arbeidd som sjukepleiar på 1980-talet på Yirgalem sjukehus. Hennar draum var å sjå sjukehuset att. Ho venta ingenting. Utan avtale opna også denne porten seg for bussen med nordmenn, og ho fekk heilt uventa sjå seg om i avdelinga der ho hadde arbeidd og møta tre av sine gamle kollegaer. Ho var mållaus!

Apekattar, flodhestar og villsvin

Å få nærkontakt med ville, afrikanske dyr er eksotisk for oss! På ein båttur på Hawassasjøen høyrer me plutseleg ei utblåsing i vatnet framfor båten. To store naser stikk opp over overflata. Flodhestane er ganske så nær!

At apekattane hoppar rundt i trea, er lynsnare og snappar til seg eit stykke brød eller ein sukkerporsjon frå bordet, det er heilt vanleg på uterestauranten på Lewi Hotell i Hawassa. Men å få to apekattar hoppande rundt i gardinene inne på hotellrommet kl 7 om morgonen, er litt i overkant! Opp med glaset for å jaga ut dei kvinande dyra! Men i eit digert tre utanfor glaset er ein heil apefamilie som hyler og skrik. Vil også dei koma inn? Eg hadde tinga vekking kl 7 - men venta ikkje at apekattar skulle gjera jobben.

Me vitja også eit naturreservat der strutsefrøkener og elegante -karar trippa rundt som fine damer på byen. Der villsvina luska rundt i buskane og elegante antiloper beitte under akasietreea.

Kulturminne

Nokre av oss tok ein ekstra avstikkar til Nord-Etiopia på kulturminnetur. Me skulle sjå monolittkyrkjene i Lalibela. Eventyrlege formasjonar, uthogne av faste fjellet, eitt stykke stein utforma til 11 kyrkjer på 23 år for 900 år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kyrkjene er i bruk, levande bygningar så lenge verda står, sa guiden vår.

Siste stopp, Gonder. Kulturminnestopp - men også eit møte med ein bukselaus gutekropp.

Byen Gonder blei grunnlagt av keiser Fasilides ein gong rundt år 1635. Byen vaks som jordbruks- og marknadsby, og var Etiopia sin hovudstad fram til 1855. Keiser Fasilides sitt slott ruvar framleis som ei gedigen borg i byen, saman med fem andre slott som er meir og mindre øydelagde av krig og ver og vind. Keiser Fasilides sine etterkomarar bygde kvar sitt slott: Sonen Yohannes, barnebarnet Eyasu, oldebarnet David, tippoldebarnet Bekaff og til slutt enka Mintiwas etter tipp-tipp oldebarnet. Ei vandring i slottsgården mellom gedigne murar, restar etter kjøkken, tyrkiske bad, musikkhall, hestestall, løvebur, arkiv, bibliotek og vevstove gjev ei merkeleg kjensle av stolte herskarar, dyktige arkitektar og handverkarar, herregårdsliv og slavearbeid.

Keiser Fasilides hadde også sitt eige badebaseng, svært, med eit slott midt i bassenget. Det blir framleis fylt med vatn frå ein bekk i nærleiken - som for 400 år sidan. Det tek ein månad å fylla to meter vatn i bassenget. Kvart år den 19. januar velsignar biskopen vatnet så det blir heilagt, så får alle som vil hoppa uti. Stor folkefest til minne om at Jesus vart døypt av Johannes!

Overnemnde keiser Eysau bygde også ei kyrkje, i ca 1720. Den er godt bevart med originale måleri-dekorasjonar i flotte fargar. Også Treenighets-kyrkja er verkeleg verd eit besøk!

Ut av Tornreosesøvnen

Reiseleiarane våre har 40 års erfaring som Norsk Luthersk Misjonssamband sine utsendingar i Etiopia og har stor kjennskap og kunnskap om landet og eit stort hjarte for folket der. Når dei no ser at etiopiarane byggjer bustader og nye vegar i stor stil, så kjem replikken "ut av Tornerosesøvnen". Me humpar oss over anleggsveg der svære røyr blir lagt i djupe grøfter, der svingete veg blir retta ut, der haug og hole blir jamna. Ny asfalt. Nye hus og bustadblokker i stor stil. Og nye kyrkjer. Etiopia er på veg oppover.

Astrid Heidal