NAV-leiar Line Solheim vil styrka arbeidet for ungdom som fell utanfor arbeidslivet.
NAV-leiar Line Solheim vil styrka arbeidet for ungdom som fell utanfor arbeidslivet.

Til kamp mot barnefattigdom i Os

NAV-leiar Line Solheim vil innføra eit tiltak for å forhindra at fattigdom går i arv frå ein generasjon til neste.

Vanlegvis tenkjer ein på born under myndig alder, når ein høyrer ordet "barnefattigdom". Men NAV-kontoret ved Os peikar på at også aldersgruppa som står på terskelen mellom barndom og vaksen (18-25) kan hamna i denne kategorien.

- Me erfarer at det å stå utanfor arbeidslivet aukar sjansen for fattigdom og sosial eksklusjon. Me ønskjer å bidra til at fleire i denne aldersgruppa får innpass i samfunnet ved å styrkja deira høve til deltaking i utdanning og arbeid, heiter det i ein søknad NAV-leiar Line Solheim har sendt til arbeids- og velferdsdirektoratet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bryta vond sirkel

Me møter Solheim borte ved NAV-kontoret, og ber henne utdjupa.

- De utvidar omgrepet barnefattigdom noko?

- Det finst forsking som seier at fattigdom har ein tendens til å gå i arv frå ein generasjon til neste. Ved å gje denne gruppa eit betre tilbod, vonar me å gje dei ein reell sjanse til å koma seg ut i arbeid, og dermed bryta den vonde sirkelen, seier Solheim.

Ungdomskontakten

Midlane dei søkjar om - 500.000 kroner - skal brukast til ei nyoppretta stilling for ungdommar i målgruppa som tel cirka 70 personar.

- Denne stillinga kallar me Ungdomskontakten. Det skal vera lett for desse ungdommane å koma i kontakt med oss. Ungdomskontakten kan gje dei tett oppfølging på individnivå. Han kan bistå der andre tenester ikkje når ut til ungdommen åleine, seier Solheim.

- Gjeld dette ungdom som har droppa ut av vidaregåande opplæring?

- Ja, ofte gjer det det. Dette er unge mellom 18 og 25 år som mottek sosialhjelp, eller også deltek i kvalifiseringsprogrammet vårt. Dette handlar om arbeidstrening og opplæring for å få folk ut i arbeid, seier Solheim.

Varierte tilbod

- Det er ikkje så lett å få seg jobb utan skikkeleg utdanning? Kva type arbeid kan de tilby for denne gruppa?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har ikkje ledige jobbar å dela ut. Men gjennom tett oppfølging prøver me å motivera dei unge til å fullføra utdanning/kvalifisering, og følgjer dei tett opp slik at flest mogleg når målet om arbeid. Det vil vere ungdommen sjølv som skal ta ansvar for sin livssituasjon, men me hjelper til der me kan, seier Solheim.

1. mars får dei vita om søknaden vert innvilga. I så fall vil tilskotet bli utbetalt dei tre komande åra, med eit mogleg fjerde år.

Aktivitetsplikta har vore ein suksess

I 2014 innførte kommunestyret i Os aktivitetsplikt for alle sosialhjelpsmottakarar. NAV-leiar Line Solheim kan opplysa om at dette har vore ein stor suksess.

- Av 34 deltakarar som har fått vedtak, er 28 av dei registrerte med anna inntekt. Det har vore ein stor suksess, seier Solheim.

I tenesteutvalet på tysdag vart det opplyst at av dei 34 har ni fått fast arbeid, sju har fått arbeidspraksis, seks har søkt om arbeidsavklaringspengar, seks er på veg inn i AMO-kurs, éin er i aktivitetsplikt og seks er uavklara.