(
(

Til sjukehuset med hovudskade etter vald

Omfanget av hovudskaden etter at ein person blei utsett for vald er førebels ukjend.

I 19.30-tida tysdag kveld, tok ein person i 40-åra kontakt med politiet etter å ha blitt utsett for vald.

– Mistenkte er i 60-åra. Vedkomande som blei utsett for vald tok sjølv kontakt med oss. Han blei køyrd til legevakta og vidare til Haukeland for sjekk. Det er snakk om vald mot hovudet. Vi veit ikkje omfanget, men han var i alle fall bevisst og tok som sagt sjølv kontakt med oss. Det har vore rus i bilete. Det er ein konflikt mellom to personar som ligg til grunn for hendinga, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.