I gruppemøtet vart politikarane samde om ei formulering som alle kunne stilla seg bak.
I gruppemøtet vart politikarane samde om ei formulering som alle kunne stilla seg bak.

- Til stor ulempe for innbyggjarane

Kommunestyret i Fusa vil ha fleire gule prikkar på kartet. I dag er det nemleg slik at folk som eig bustader i frådelte parsellar, må søkja om dispensasjon kvar gong det skal byggjast.

- Dei forenkla byggjereglane som Stortinget har innført, gjeld ikkje i desse områda. Uavhengig av storleiken på tiltaket, så må eigarane søkja om dispensasjon frå arealplanen. Det er så urimeleg at det må endrast.

Det sa varaordførar Magne Djuvik (Frp) i samband med at Fusa kommune sin planstrategi vart handsama av kommunestyret 16. februar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årsaka til at det må søkjast om dispensasjon er at storparten av dei frådelte parsellane ligg i såkalla LNF-område. Djuvik meinte difor at dersom ein går inn for å rullera arealdelen av kommuneplanen i nær framtid, så bør ein ta med eit punkt om å endra statusen på alle eksisterande og bebygde bustadeigedomar i same slengen.

- Eigedomane må få rett status i arealplanen, sa han.

Gjennomtenkt forslag?

Frp-politikaren fekk støtte frå fleire andre i kommunestyret.

- Å måtta søkja om dispensasjon for å byggja på eit hus som har lege der i mange år, er heilt bak mål. Vi må finna ein veg ut av dette. Vi er her trass alt for innbyggjarane i Fusa. Vi må gjera det enklast mogleg for dei, meinte Mikal Leigland (Sp).

Intensjonen er god, men er det mogleg å få det til, var det fleire som undra.

- Er forslaget gjennomtenkt, eller innfører vi ei ny form for forskjellsbehandling? Kva med til dømes gardsbruk? Er det berre bustadhusa som skal endrast, eller heile eigedomen, spurte Gustav Folkestad (V).

- Det kan endeleg vera noko i forslaget, men det kom litt brått på, sa ordførar Atle Kvåle (Ap) og oppmoda samstundes varaordføraren om å bruka ei litt mindre bastant formulering.

- Kva med å bruka Fusa kommune "vurderer" å endra statusen på eksisterande bustadeigedomar, framfor Fusa kommune "endrar"... På den måten har ein høve til å kvalitetssikra forslaget, sa ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Einingsleiar Terje Raunsgard peika på at fleire kommunar har prøvt å gjera det same, men at formalitetar av ymse slag gjer arbeidet komplisert.

- Korleis vi skal gjera det, veit eg rett og slett ikkje. Eg trur dessutan at det vart gjort eit forsøk i samband med den nye arealplanen for nokre år sidan. Det betyr ikkje at vi ikkje skal prøva. Verda kan ha endra seg sidan den gong, sa einingsleiaren.

- Eg høyrer kva administrasjonen seier, men eg synest forslaget er så bra at eg trur vi skal ta med noko, sa Margunn Yndestad Samnøy (Sp) og bad om eit gruppemøte.

Klare signal

Kommunestyret vurderte først om forslaget burde handsamast som ei eiga sak, men bestemte seg til slutt for å hekta på ei formulering i tilknyting til den kommunale planstrategien.

- Regelverket er til stor ulempe for folk i Fusa i dag. Eg meiner vi bør gjera eit vedtak i dag som gjev klare signal om kva vi vil, så får vi heller få ei vurdering i etterkant om det vi har gjort er rett, eller om vi må korrigera vedtaket, sa Leigland.

Bjarte Samnøy (KrF) støtta forslaget.

- Det er viktig at folk vert behandla likt. Vi kan godt seia noko om korleis vi ønskjer å ha det i Fusa, sa KrF-politikaren.

Kvåle meinte framleis at ein ikkje burde vera for bastant i formuleringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi bør laga ei formulering som gjer at vi får alle med på laget. Om vi er for bastante, veit vi at vi møter tvist, sa han.

Formuleringa vart som følgjer: Fusa kommune startar arbeidet med å få endra status på alle eksisterande og bebygde bustadeigedomar slik at eigedomane får rett status som bustadeigedomar i arealplanen. Formuleringa vart samrøystes vedteke.