Gult, ikkje grønt: Det er framleis ikkje opna for lokale nedjusteringar frå det nasjonale tiltaksnivået. Det vil seia at kommunane ikkje kan setja tiltaksnivået ned til grønt.

Tilbake til gult nivå for ungdomsskular og vidaregåande skular

Frå onsdag 20. januar er det nasjonale tiltaksnivået tilbake på gult nivå for ungdomsskular og vidaregåande skular.

– Målet vårt er heile tida å gje barn og unge ein så normal kvardag som mogleg. Difor er eg glad for at vi no kan innføra gult nivå nasjonalt. Samtidig er det viktig å understreka at i område med mykje smitte kan det bli strengare tiltak lokalt enn dei vi gir nasjonalt, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby fra Venstre i ei pressemelding.

Kan bruke noen dager på å omstille seg

– Gult nivå er det tiltaksnivået skulane er best kjent med, men eg har forståing for at det kan vera krevjande å byta fra raudt til gult nivå. Nokre skular treng litt tid til å planleggja dette, og kommunar har behov for å vurdera nivået som er riktig opp mot den lokale smittesituasjonen. Eg håpar likevel at det kan vera ein lette for skulane å kunna gå tilbake til ein kvardag med færre avgrensingar, seier Melby.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er framleis ikkje opna for lokale nedjusteringar frå det nasjonale tiltaksnivået. Det vil seia at kommunane ikkje kan setja tiltaksnivået ned til grønt.

Det overordna målet ved gult og raudt nivå er det same - at elevar og tilsette har et avgrensa tal kontaktar. På gult nivå kan heile skuleklassar ha undervisning saman. Dei kan også ha fag der elevane vert blanda, men dette bør avgrensast så langt det er mogleg.

Elevane bør ha faste plassar og/eller grupperast etter klassetilhøyrsle. Tilsette kan veksla mellom skuleklassar/kohortar, men bør halda avstand der det er mogleg.