Linda Bakketeig har vore med i halvparten av dei 80 åra Bakketeig har hatt butikk i Os sentrum.
Linda Bakketeig har vore med i halvparten av dei 80 åra Bakketeig har hatt butikk i Os sentrum.

Tilbakeblikk med Bakketeig

I 1936 vart urmaker Hans Bakketeig overtalt til å opna butikk i Os. Det var starten på eit 80 år langt eventyr i bygda.

Dagleg leiar i Interoptiker Bakketeig i Os sentrum, Linda Bakketeig, fortel at det er mange tilfeldigheiter som gjer at butikken ligg der den ligg i dag. Mest tilfeldig er det at Bakketeig senior i det heile teke etablerte seg i Os.

- Som nyutdanna urmakar drog svigerfaren min, Hans Bakketeig, i millitæret i Os i 1935. Der møtte han tilfeldigvis på dåtidas ordførar i kommunen. Då det kom fram at Hans var utdanna urmakar, var ordføraren kjapp med å skaffa han lokale like ved den gamle bankbygningen, og på den måten lokka han Hans til å etablera urmakar-butikk i Os, fortel Bakketeig.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 1937 gifta Hans seg med Arna-jenta Berly. Ho var tidleg med i drifta av butikken og var kjent for å vera ei flink forretningskvinne.

Flytta litt rundt

Etter nokre år flytta butikken til like ved postkontoret, og ikkje lenge etter bygde Hans eit forretningsbygg ved Telthusplassen, like ved dagens Instinct-butikk.

Etter kvart byrja urmakarbutikken også å selja briller. I 1978 tok Hans Bakketeig sveineprøven for optikar på Kongsberg.

Linda Bakketeig, Karin Aarthun og Christel Daae.
Linda Bakketeig, Karin Aarthun og Christel Daae.
Eli Fredheim får justert brillene av Linda.
Eli Fredheim får justert brillene av Linda.

Bakketeig-butikken heldt hus i Telthuskvartalet til sonen Per Tore og kona hans Linda kjøpte Hylland-familien sitt hus mitt i hovudgata på Osøyro.

- Det hugsar eg som eit stort løft for oss. Per Tore hadde lenge tenkt at det huset ville vera fint, men det kosta oss litt både i pengar og innsats å få det slik me ville ha det. I dag er eg svært glad for at me tok sjansen og flytta, seier Linda.

Etter at Per Tore pensjonerte seg, er det ho som driv butikken i førstehøgda.

- Sonen min, Andreas Bakketeig, og svigerdottera mi, Anette Bakketeig, eig alle tre Bakketeig-butikkane, i Os, på Øyrane Torg og i Vaskerelven i Bergen. Eg er dagleg leiar for denne i Os, og trivst supert med det, seier Linda.

Lokka med ny veg

Medan butikken feirar 80 år, har Linda 40 års fartstid i verksemda.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg er opphavleg Fana-jente, men kom til Os i lag med Per Tore på midten av 1970-talet. Per Tore overtala meg til å flytta og lokka med at me snart skulle få ny motorveg frå Os til Bergen, humrar Linda.

Motorvegen har ho enno ikkje sett noko til, men ho angrar ikkje på at ho flytta.

- Hans heldt fram med å jobba hos oss til han var over 80 år, men Per Tore og eg tok over drifta alt på slutten av 1970-talet, fortel Linda.

Undervegs tok både Per Tore og Linda utdanning som optikarar.

Sjølv opplever ho tida i Bakketeig på Os som todelt.

- Det var tida før senteret på Flåten kom og tida etter. Det er ingen tvil om at det var fleire folk i Os sentrum tidleg på 1980-talet enn i dag, men samstundes ser eg at det byrjar å ta seg opp att. Det er mykje bra her i Os sentrum no, og eg er veldig glad for at me ligg så sentralt til og at eg får vera med på oppgangen, smiler ho.

Bra overskot

I 2015 hadde butikken eit svært godt år og kunna skilta med 17 prosent oppgang frå året før. Også i år går butikken med overskot.

- Me har bra med kundar, men eg må vedgå at tilgangen nok har vore noko lågare den siste tida som følgje av alt arbeidet i gata utanfor. Når opprustinga av sentrum vert ferdig ein gong før neste sommar, blir det utruleg kjekt her. Eg må seia me er privilegerte som har butikk så sentralt i hovudgata her i sentrum, seier optikaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Per dags dato er dei fire tilsette i butikken.

Trua på Osøyro

Komande veke feirar butikken 80-årsjubileet med gode tilbod.

- Tilboda vil stå i stil med talet på jubileet vårt, ler Linda.

- Har du framleis trua på Os som handelsstad?

- Ja, eg heiar på Os og elskar å jobba her. Om folk berre får ein skikkeleg plass å parkera snart, så blir dette kjempebra. Heia Os sentrum, smiler friskusen.

Bakketeig-familien er i dag blant landets største optikar-familiar. Tek ein med sjuande far i huset, Hans, er det sju optikarar i familien - sonane Per Tore og Hans Bjørn, svigerdottera Linda, sonesonane Kjell Tore og Andreas og soneson Andreas sin kone, noverande dagleg leiar for alle butikkane, Anette.