Symjeopplæring for vaksne, nye osingar, blir eit tilbod i Osbadet så fort det er nok påmelde. (Arkiv
Symjeopplæring for vaksne, nye osingar, blir eit tilbod i Osbadet så fort det er nok påmelde. (Arkiv

Tilbyr vaksenopplæring for nye osingar

- Vi ser at ikkje alle våre nye landsmenn har same symjekultur som oss. Borna sym, men ikkje alltid foreldra. Vi vil gje dei eit tilbod om å læra seg å symja, seier Osbadet-leiar, Bård Alfstad.

Tilbodet om symjeopplæring for vaksne, nye osingar, er eit initiativ frå Osbadet.

- Vi har vore i møte med NAV, som er veldig positiv. Dei skal no informera i dei ulike miljøa, seier Alfstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil strekkja seg langt

Kurset vil starta opp når det er nok påmelde.

- Vi forstår at det kan vera ulike utfordringar i møte med andre kulturer. Det kan henda at vi må ha eit kvinnekurs og eit kurs for menn, men uansett, så vil vi strekkja oss langt for å få det til, om det så betyr at må ha eit kurs etter stengetid på kvelden.