Tok avhøyr: Politiet avhøyrde vitne og sjåføren på staden.

Tilkalte ambulanse etter at kvinne i 70-åra ramla på bussen

Uhellet skal ha skjedd i det bussen bremsa.

Like før klokka 16 tysdag fekk politiet melding om ei ulukke i ein buss på Byvegen. Ei kvinne i 70-åra hadde ramla då bussen bremsa.

Ambulanse og lege kom til staden, og kvinna vart teken hand om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vart gjort avhøyr av vitne og sjåføren på staden. Politiet har oppretta sak, men det er ikkje gjort beslag av førarkort.