Endeleg blir det kamp: Ståle Steen Sæthre kan endeleg sjå fram til kamp i eliteserien.

Tillate med 20 personar samla i grupper - opnar opp for trening og eliteseriekampar

Det blir no blir tillate å møtast i grupper på 20 personar. Sjå liste over nye retningslinjer som vart presenterte torsdag.

– Det betyr at vi no kan starta planlegginga av 17. mai-frukost med fleire enn dei du bur med, sa barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) under pressekonferansen til regjeringa torsdag.

– Vi må framleis halda ein meters avstand, men det blir fint å kunna møtast fysisk igjen, sa han vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

På offentlege arrangement er det tillate med 50 personar. Det vil seia at mange kinoar, teater og andre kulturinstitusjonar kan opna igjen.

Ropstad seier at det er nødvendig med strengare tiltak for private arrangement.

– Samlingar privat kan ikkje regulerast på same måte. Risiko for smitte er høgare, sjølv om smittereglene gjeld, sa han.

Regelen om at ein kan vera 20 personar samla gjeld òg for organisert idrett, og regelen om 50 personar gjeld for idrettsarrangement.

Frå 15. juni blir det tillate med 200 personar på slike arrangement. I tillegg vil regjeringa månadleg vurdere om grensa skal hevast frå 200 til 500 kvar månad, men det vil ikkje skje før 1. september, skriv regjeringa i strategidokumentet sitt.

Badeland og symjehallar opnar frå 15. juni

Badeland og symjehallar kan opnast for publikum frå 15. juni dersom helsestyresmaktene og bransjen saman har kome fram til forsvarlege smitteverntiltak.

14 dagar tidlegare, 1. juni, blir det opna opp for organisert symjing, inkludert skulesymjing.

– Målet er at flest mogleg aktivitetar og verksemder som har vore stengde, kan opna før sommaren. Dette føreset at vi framleis har kontroll på smittesituasjonen, sa statsminister Erna Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå 15. juni blir dørene opna til treningssentera

Treningssentera i landet kan opne 15. juni, så sant helsestyresmaktene og bransjen saman har kome fram til forsvarlege smitteverntiltak.

Regjeringa påla 12. mars alle treningssenter å stengja dørene under virusutbrotet.

Eliteserien starter opp igjen med kamper 16. juni. Dei kan trena allereie frå torsdag.

Familieparkane får opne 1. juni. Det same får serveringsstader utan matservering.

Karanteneplikta blir korta ned til ti dagar

Karanteneplikta for personar som har vore i nærkontakt med koronasmitta, blir korta ned til ti dagar.

Det kunngjorde helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) på pressekonferansen torsdag. Personar som har hatt nærkontakt med stadfesta koronasmitta innan 48 timar av dei første symptoma, skal framleis i karantene.

– Ny kunnskap gjer at vi i dag endrar karanteneplikta frå 14 til 10 dagar, sa Høie.

Det blir i tillegg gjort unntak i seks månader for personar som allereie har vore stadfesta smitta med koronaviruset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Definisjonen av nærkontakt er den same: Personen må ha vore nærare enn to meter av den koronasmitta i minst 15 minutt.

Tilråding om heimekontor blir mjuka opp

Tilrådinga om heimekontor gjeld no berre bedrifter som har for tronge lokale og tilsette som er avhengige av kollektivtrafikk.

I den nye tilrådinga blir det slått fast at arbeidsgivarane bør sikre at dei tilsette kan halda ein avstand på minst éin meter i heile arbeidstida.

I område av landet der dei tilsette er avhengige av å bruka offentleg transport, blir arbeidsgivarane oppmoda til framleis å leggja til rette for heimekontor og elektronisk møteverksemd i så stor grad som råd og med fysisk frammøte berre når det er nødvendig.

Dette gjeld særleg i Oslo-området og i andre byar med press i kollektivtrafikken.