Covid-19: To klassar på 8. trinn må i karantene

Tilsett ved Os ungdomsskule koronasmitta

To 8. klasser må i karantene.

Rektor Kjersti Elde Wolden sende i dag ut melding til alle føresette til elevar ved Os ungdomsskule.

Ho opplyser der at ein tilsett ved ungdomsskulen har testa positivt for covid-19.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som fylgje av dette må elevane i to klassar på 8. trinn i karantene.

— Det er ingen grunn til å tru at elevane på dei andre trinna/klassane ved skulen vår har vore utsett for smitte i dette tilfellet. Dei kan difor gå på skulen som vanleg.