På denne tomta på Skjørsand planlegg tiltakshavar eit 16.000 kvadratmeter stort anlegg. Hordaland Fylkeskommune rår Fusa kommune til å innskrenka mogelegheitene for alternativ utnytting av området.
På denne tomta på Skjørsand planlegg tiltakshavar eit 16.000 kvadratmeter stort anlegg. Hordaland Fylkeskommune rår Fusa kommune til å innskrenka mogelegheitene for alternativ utnytting av området.

- Tiltak og omfang må konkretiserast

Hordaland fylkeskommune meiner Fusa kommune gjev frå seg for mykje av utbyggingsansvaret når det gjeld hotellplanane på Skjørsand.

Hordaland Fylkeskommune etterlyser tydelegare definerte føremål med planane og ei meir presis fastsetjing av omfanget av hotellet, utleigeleilegheiter, bustader og båtplassar. Med andre ord ein plan der det berre er rom for mindre tilpassingar.

- Planen er særs fleksibel når det gjeld føremål og løysingar. Med den plasseringa anlegget har i Fusa kommune, vurderer vi det som vesentleg at kommunen har god kunnskap om kva som kan etablerast på eigedomen, kva omfang dette vil få, og kva ringverknader det vil gje, både for lokalmiljøet og for kommunen sin tenesteproduksjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

I planomtalen frå 2013 vart det sagt at hotellet skulle nyttast av barnehagar i fylket. I den oppdaterte planomtalen er dette fjerna. Kundegrunnlaget er ikkje spesifisert.

- Vi rår kommunen til å innskrenka mogelegheitene for alternativ utnytting av området. Kommunen bør etterspørja eit meir presist definert føremål og omfang enn det som ligg i forslaget til plan. Slik planen no er framstilt vurderer vi at kommunen gjev frå seg for mykje av utbyggingsansvaret, heiter det i uttalen frå Hordaland Fylkeskommune.

Vidare skriv fylkeskommunen at dei endringar kommunen har gjort i føresegner og retningsliner har gjort planen betre, men at retningslinene framleis er for generelle og opne.

Fylkeskommunen meiner det er positivt at planen sikrar offentleg tilgang til strandsona og badeplass, men peikar samstundes på at etableringa av ei stor båthamn vil ha negativ innverknad på attraktiviteten til badeplassen som ligg like ved.

- Omfanget av småbåthamna er ikkje definert i planen. Det bør setjast avgrensing på storleiken av båthamna/tal båtplassar, meiner fylkeskommunen.

- BRA bør reduserast

Det var Fylkesmannen i Hordaland som i sin tid sette foten ned for den gamle planen. Etter klagar frå grannane, oppheva fylkesmannen vedtaket som kommunestyret gjorde i desember 2013 eitt år seinare. Årsaka var at kommunestyret si godkjenning av reguleringsplanen ikkje var tilstrekkeleg grunngjeve, og at saka ikkje var godt nok utgreidd.

I uttalen sin til detaljreguleringa som vart lagt ut på høyring i oktober, kommenterer fylkesmannen at planframlegget inneber ei svært stor auke i bygningsmassen i strandsona, samt at planane er eit brot med landskap og byggeskikk i området.

- Fylkesmannen meiner at BRA bør reduserast for å minska uheldige utslag av utbygginga, både for samfunnsinteresser og statlege planretningsliner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkesmannen peikar òg på at det kombinerte føremålet hotell/utleigeleilegheiter/bustader gjev breie føringar for framtidig arealbruk.

- Som rådmannen har kommentert, overlét planen mykje til byggesak, skriv fylkesmannen og held fram:

- Det er ikkje spesifisert kva type bustader som skal byggjast. I planskildringa er det vist til at det kan bli mellom 9 og 75 bustader på tomta, avhengig av om ein byggjer einebustader eller leilegheiter.

Etter fylkesmannen si meining vil 75 bustader ha trong for 112 parkeringsplassar, og føra til ein tilsvarande auke i trafikken.

- Fylkesmannen saknar ei tydeleg vurdering av konsekvensar for trafikksikring, barn og unge sine interesser, samt auka trykk på kommunale tenester og infrastruktur, heiter det i uttalen.

Av andre uttalar til planen finn ein Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som påpeikar at fare for områdeskred av kvikkleire må avklarast før planen vert slutthandsama.

- Vi kan ikkje sjå noko argument for at fare for kvikkleireskred ikkje skal avklarast no i tråd med føringane i dei nemnde retningslinene, skriv NVE.