Jan Olav Arntzen går første året på TIP. På den opne dagen på Fusa vidaregåande skule viste han mellom anna fram ei dreieøving.
Jan Olav Arntzen går første året på TIP. På den opne dagen på Fusa vidaregåande skule viste han mellom anna fram ei dreieøving.

Tips til framtida

Torsdag inviterte Fusa vidaregåande skule til open dag. - Vi skal forklara dei som kjem innom, kvifor TIP er best, seier den kjeledresskledde gjengen som har teke tilhald i gymsalen på skulen.

- Miljøet er godt, lærarane er flinke og det er fint med eit avbrekk frå dei teoretiske faga, seier Jens Lie Vindenes.

Vindenes går i klasse med Renate Ulland, Thomas Boge Bekken, Hans Olav Flølo og Samuel Sørheim. På utdanningsmessa har elevane fått i oppgåve å fortelja dei som er nyfikne på lina, kva TIP (teknikk og industriell produksjon) eigentleg går ut på.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Då eg bestemte meg for kva linje eg skulle velja i fjor, snakka eg med nokon som hadde gått her før. Eg synest faget virka interessant. Dessutan har ein veldig mange retningar å velja mellom etter det første året, seier Flølo.

Ein annan som snart har fullført det første året på TIP-lina på Fusa vidaregåande skule, er Jan Olav Arntzen. Han held på med ei dreieoppgåve i verkstaden.

- Eg har lagd ein slik eit par gonger tidlegare. Eg veit ikkje om han har eit namn. Det er berre ei øving, seier han og viser fram arbeidsteikninga.

På Akvalina, eller TAF Marin, er det to jenter og 15 gutar. - Det beste med lina er at vi får vera i praksis i næringa, og bli kjent med folka der, seier VG2-eleven Julie Eikeland.
På Akvalina, eller TAF Marin, er det to jenter og 15 gutar. - Det beste med lina er at vi får vera i praksis i næringa, og bli kjent med folka der, seier VG2-eleven Julie Eikeland.
For dei som ønskte å vita meir om TAF-modellen, var det berre å ta seg ein tur innom realfagsrommet.
For dei som ønskte å vita meir om TAF-modellen, var det berre å ta seg ein tur innom realfagsrommet.
Anna Bjørkelund og pappa Steinar Bjørkelund har teke turen frå Hatlestrand.
Anna Bjørkelund og pappa Steinar Bjørkelund har teke turen frå Hatlestrand.
Lærar Ingvar Nistad viser fram noko av det KDA-elevane held på med. Tredjeklassing Annika Svendal Os til høgre i biletet.
Lærar Ingvar Nistad viser fram noko av det KDA-elevane held på med. Tredjeklassing Annika Svendal Os til høgre i biletet.
- TIP er best, meiner frå venstre Samuel Sørheim, Renate Ulland, Thomas Boge Bekken, Hans Olav Flølo og Jens Lie Vindenes.
- TIP er best, meiner frå venstre Samuel Sørheim, Renate Ulland, Thomas Boge Bekken, Hans Olav Flølo og Jens Lie Vindenes.
Rineta Pakalniskyte og Benedicte Ottesen synest Fusa vidaregåande skule er ein fin skule. Om dei vert elevar her om eit halvt og eitt og eit halvt år, har dei ikkje bestemt seg for enno.
Rineta Pakalniskyte og Benedicte Ottesen synest Fusa vidaregåande skule er ein fin skule. Om dei vert elevar her om eit halvt og eitt og eit halvt år, har dei ikkje bestemt seg for enno.
Andreas Nilsen Kleppe og Daniel Brune Flatøy trivst på Restaurant- og matfaglina. - Vi likar å laga mat og skapa glede for andre, fortel gutane som er spesielt glad i å bryna seg på nye rettar.
Andreas Nilsen Kleppe og Daniel Brune Flatøy trivst på Restaurant- og matfaglina. - Vi likar å laga mat og skapa glede for andre, fortel gutane som er spesielt glad i å bryna seg på nye rettar.
Anette Lekven Ellefseth (t. v.), Liv Marit Rød og Eifrid Konstance Ekerhovd er på plass på skulen for å måla blodsukker og blodtrykk på dei som ønskjer det. Rektor Tor Johannes Hjertnes til høgre i biletet.

Til liks med gjengen i gymsalen, synest Arntzen at TIP er ei veldig god line.

- Eg søkte eigentleg på TAF Mekanisk, men TIP var eit godt andreval. Eg har inntrykk av at TIP-lina på Fusa er betre enn på andre skular, seier 16-åringen.

- Terapeutiske fag

Det er tidleg ettermiddag. Mange sit truleg heime rundt middagsborda enno. Men litt etter litt byrjar potensielle, nye elevar, og foreldre, å strøyma til frå alle kantar.

Anna Bjørkelund er frå Hatlestrand. Ho går i 9. klasse, og er på messa for å finna ut meir om kva skulen har å by på.

- Eg trur eg skal gå her. Eg har nesten bestemt meg, seier Bjørkelund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva linje det vert, er framleis litt usikkert.

- Enten Helse - og oppvekstfag eller Kunst, design og arkitektur, seier 9. klassingen som er på messa i lag med far sin, Steinar Bjørkelund.

- Har du tenkt mykje på det valet du skal ta om eitt år?

- Eg har tenkt ein del. Eg har mange vener som går i 10. klasse, fortel ho.

Annika Svendal Os går siste året på KDA-lina på Fusa. Ho veit ikkje kva ho skal gjera når ho er ferdig med vidaregåande, og fortel at ho kjem til å sakna skulen.

- Det er veldig kjekt her. På KDA-lina får ein eit avbrekk frå den stressande skulekvardagen. Det er faktisk litt terapeutisk, seier ho og legg til:

- Du treng ikkje vera flink før du kjem hit. Du lærer dei ulike teknikkane.

Valets kval

I gymsalen har verksemder med tilknyting til dei ulike utdanningsprogramma rigga seg til. Hordaland Rørteknikk AS, Helland Elektro & VVS AS, Leigland Bygg AS, Tombre-gruppen, AS Sæverid Fiskeanlegg og Fusa bondelag er berre nokre av dei som deltek.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elles på skulen prøver elevar og lærarar frå dei ulike linene og gje dei frammøtte eit innblikk i kvardagen sin.

- Vi lærer veldig mykje forskjellig, seier dei komande helsefagarbeidarane Anette Lekven Ellefseth, Liv Marit Rød og Eifrid Konstance Ekerhovd.

I eit klasserom i andre etasje måler elevane blodsukkeret og blodtrykket til dei som måtte ha behov for det.

- Du treng ikkje jobba med blod, og andre ting som du ikkje liker. Det finst veldig mange mogelegheiter innanfor faget, påpeikar Ellefseth.

Blant dei som tek turen frå klasserom til klasserom, er rektor Tor Johannes Hjertnes. Han er nøgd med frammøtet så langt.

- Vi har hatt elevar på hospitering i fleire veker allereie, så ein del av dei har nok alt fått den kunnskapen og informasjonen dei treng, seier Hjertnes.

Rektoren synest det er kjekt å kunna visa fram skulen. Han opplever at fusingane er veldig lojale mot nærskulen sin.

- Både elevar, politikarar og lokalsamfunnet elles støttar opp om skulen. Å få elevar i aldersgruppa 16 til 19 år til å bli verande i kommunen, er veldig viktig, meiner han.

Artikkelen held fram under annonsen.

1. mars går fristen for å søkja vidaregåande opplæring ut. Benedicte Ottesen er usikker på om ho skal velja Elektro-lina på Os, eller Restaurant- og matfag på Fusa.

- Eg skal på open dag på Os i morgon, fortel 10. klassingen.

- Kva vert avgjerande for valet ditt?

- Eg veit ikkje enno, seier Ottesen og smilar.

For Rineta Pakalniskyte er utdanningsvalet meir ope. Ho har framleis eitt år igjen å tenkja.

- Kunst, design og arkitektur, musikk, dans og drama eller medier- og kommunikasjon. Det er mange mogelegheiter, seier 9. klassingen.