Kveldskos: Når roa har senka seg om kvelden, er det kjekt å ha noko å sjå på for å kopla ut. I denne saka får du eit innblikk i kva seriar vi i redaksjonen til Os & Fusaposten likar å sjå på.

Tips til noko å sjå på? Her er redaksjonen sine seriefavorittar

Det finst haugevis av gode alternativ. Her får du seriane som vi meiner er verdt å ta ein titt på.

I denne oversikta vil ein finna redaksjonen i Os & Fusaposten sine tre favorittar. Det å berre velja tre, var ei utfordring i seg sjølv, i alle fall for underteikna. I desse tider er det gjerne mange som har litt ekstra tid og lurer på kva for seriar som er verdt å starta på. Nokre gode alternativ, meiner vi, følgjer under.

Ein kan trykka på namna til seriane. Der er det lagt inn ekstern lenkje til anten trailer på YouTube eller informasjonsside om serien. Våre tips er som følgjer:

Artikkelen held fram under annonsen.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

Team Ingebrigtsen (NRK), Bosch, HBO og Life on Mars/Ashes to Ashes, (dvd).

Dette seier ho om dei tre:

1. Team Ingebrigtsen, NRK

Denne reinspikka og ufiltrerte feelgood-dokumentaren om Norges beste idrettsfamilie er perfekt selskap i desse isolerte tider. I vår firebarnsfamilie er vi blodfans heile gjengen og eg veit ikkje kor mange gonger vi har sett kvar episode. Føler du deg litt åleine ved middagsbordet? Skru på nrk.no og ha Gjert & co. på besøk.

2. Bosch, HBO

Om ein månad er det klart for femte sesong av krimserien basert på Michael Connellys romanar om Los Angeles mest rettskafne politietterforskar, Hieronymus Bosch. Historiene er elska av politifolk for sin realisme (Connelly er sjølv gammal etterforskar), og malar ei verd der vår helst på kjempa mot alt frå politiske omsyn, sleipe advokatar og korrupsjon i eigne rekkjer. Kvar sesong følgjer ei sak, samtidig som den raude tråden er Boschs einsame kamp for å finna mannen som drap mor hans då han berre var 12 år gammal. Det høyrest kaldt og hardt ut, men her er også mykje varme. Ikkje minst i relasjonen mellom Bosch og ei fantastisk spelt tenåringsdotter. Anbefalast på det aller varmaste.

3. Life on mars/Ashes to Ashes, dvd

Ok, det er litt dårleg gjort å anbefala ein serie som så vidt eg veit ikkje finst på nokon strøymetenester. Men så bra er denne serien at eg ikkje kjem utanom. Handlinga er som følgjer; politimannen Sam vert skoten under eit oppdrag og vaknar opp på ein politistasjon i Manchester på 1970-talet. Medan han prøver å komme tilbake til si eiga tid, må han navigera ein politikvardag av sexisme, politivald og røyking på kontoret. Ikkje minst må han stella seg til tidenes kulaste, og mest ukorrekte, politisjef, den Ford Cortina-køyrande sitatmaskina Gene Hunt. Life on Mars består av to sesongar medan oppfølgjaren Ashes to Ashes, som føregår på 1980-talet, har tre. Titlane er henta frå David Bowie-låtar og serien er ein hybrid av science fiction, komedie og krim. Sjølv om det byrjar å bli ganske mange år sidan sist eg såg denne serien, svirrar det sikkert ti-tjue legendariske Gene Hunt-sitat oppe i hovudet framleis. Spennande, uhyre morosamt og kult.

Artikkelen held fram under annonsen.

Camilla Kvamme:

Six feet under (HBO), Vår tid er nå (Viaplay) og My brillant friend (HBO)

1. Six feet under (2001–2005)

I det mørke komediedramaet ”Six Feet Under” følgjer vi den dysfunksjonelle familien Fisher og det som hender i tilknyting til gravferdsbyrået deira i Los Angeles. Serien er så langt frå Hollywood-glamour som ein kan koma. Han handlar om verkelege menneske med verkelege liv. Kvar episode startar med eit dødsfall, men storparten av desse kjem som følgje av eit uhell eller naturlege årsaker. På den måten er serien med på å normalisera døden, utan på noko som helst måte bagatellisera han.

2. Vår tid er nå (2017–2020)

– Vår tid er nå er ein svensk dramaserie og slektskrønike i 28 episodar fordelt på tre sesongar. I tillegg skal det lagast ein miniserie på fire episodar som skal visast i desember 2020. Seriens handling finn stad i etterkrigstidas Stockholm, og er knytt tett opp mot drifta av familierestauranten Djurgårdskällaren. Serien inneheld alt som ein god dramaserie bør innehalda: Svik, kjærleik og framtidstru.

3. My brillant friend

My brilliant friend (Mi briljante venninne), HBO Nordic, 2018.

– Basert på Elena Ferrantes suksessroman med same namn. Handlar om dei to venninnene Lenu og Lila som veks opp i det same nabolaget litt utanfor Napoli. Serien legg seg tett opp til handlinga i boka, og klarer å gjenskapa tid, stad og det fargerike persongalleriet på ein briljant og vakker måte. Sesong 2 av serien hadde premiere tidlegare i år. Planen er å filmatisera alle Ferrantes fire bøker om dei to venninne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Borghild Kvæven:

Suits (Netflix), Quicksand (Netflix) og Gilmore Girls (Netflix)

1. Suits

– Hemmelegheiter, lover, domstolar, drama og ikkje minst masse advokatar i dress, slik namnet tilseier, er Suits. I serien følgjer me Mike Ross som har droppa ut av universitetet, men som på ein uventa måte hamnar i kontakt med Harvey Specter, ein av New Yorks beste advokatar. Ross har eit utruleg talent innan lov og rett, og jobbar seg oppover som advokat utan noko form for utdanning. Serien følgjer Ross og Harvey som løyser ulike saker saman, mens dei samtidig må skjula Ross si hemmelegheit. Det er ein spennande serie der du får bli med inn i advokatverda og liva til karakterane. Sjølv om det i starten kan vera vanskeleg å setja seg inn i advokat-yrket dersom du, som meg, kanskje ikkje veit så mykje om dette frå før, så lærer du også utruleg mykje i løpet av serien.

2. Quicksand

– Dette er på ingen måte ein koseleg serie, men Quicksand er heilt utruleg spennande samt grøssande og verkelegheitsnær og du vil bli sogen inn i han. Denne svenske serien på berre 6 episodar handlar om ei oppdikta skuleskyting på ein svensk skule, men er svært realistisk. Den går djupare inn i liva til ungdomane som utførte handlinga for å prøva å forstå korleis to, tilsynelatande kjekke og greie ungdom kunne gjere seg skuldig i ei så grufull handling. Absolutt ein av dei beste seriane eg har sett.

3. Gilmore Girls

– Dersom Quicksand vart litt for mykje, og du treng ein koseleg serie å kopla av med, er Gilmore Girls perfekt. Denne serien følgjer Lorelai Gilmore og dottera Rory Gilmore gjennom kvardagen deira. Det er dei to mot resten av verda, det føler dei i alle ofte sjølv. Dette er rett og slett ein veldig gøy serie. Det er også mange sesongar, så her har du også litt å sjå på for ei stund.

Jostein Halland:

Narcos (Netflix), Peaky Blinders (TV 2 Sumo, Netflix) og House of Cards (Netflix)

Artikkelen held fram under annonsen.

1. Narcos

Serien tar for seg livet til den legendariske narkobaronen Pablo Escobar på siste del av 1980-talet. Frå hans eskalerande smugling av kokain til eit paranoid tilvære med ein intens kamp mot både lokale og amerikanske styresmakter. Det heile kulminerer i perioden kor han blir sitjande i sitt eige heimelagde fengsel mens nettet snører seg saman rundt ham og andre involverte. Basert på historiske hendingar, og med eit innblikk i ei absurd verd av kontrastar, enorme pengesummar, tragiske skjebnar og hjartelause og desperate narkobaronar.

2. Peaky Blinders

Peaky Blinders er ein britisk krim- og dramaserie som starta i 2013. Gangsterdrama er sett til 1920-talets Birmingham. Det heile er sentrert rundt den kriminelle gjengen Peaky Blinders med Tommy Shelby i spissen. Han er ambisiøs som berre det, men møter motstand i både politi og rivaliserande gjengar. Her kan ein kosa seg med fem sesongar. Den sjette er venta anten i år eller til neste år. Kule skodespelarar, kul musikk, kul filming, kult plott. Kul serie.

3. House of Cards

House of Cards er ein amerikansk politisk dramaserie frå 2013, som følgjer politikaren Francis Underwood (Kevin Spacey) og hans kone Claire (Robin Wright) og deira kamp for posisjonar. Dette er ein serie om kynisme og ambisjonar, lojalitet og desperat maktkamp. Godt skodespel, gode plott, særleg i dei fyrste sesongane, og eit interessant og spanande innblikk i stadig grovare maktkampar i Det hvite hus.

Kenneth Svenningsen:

Peaky Blinders (TV 2 Sumo, Netflix), Narcos (Netflix) og Sherlock (Netflix)

1. Peaky Blinders

Artikkelen held fram under annonsen.

– Peaky er et friskt pust innan organisert kriminalitet-genren. Nick Caves "Red Right Hand"-soundtrack passar som hand i hanske og set stemninga frå første stund. Det er røykfullt, skittent, rustent og rått. Men like fullt autentisk. Dialogane er svært gode, og filminga genial. Stundom er det som ein får korte musikk-video-snuttar innimellom. Cillian Murphy var ein skodespelar eg ikkje hadde særleg mykje til overs for før eg såg denne serien, men her spelar han utruleg godt. Det same må seiast om storebroren hans i serien "Arthur", spelt av Paul Anderson. Han er ei oppleving å sjå i aksjon. Elles må Tom Hardy som jødisk spritseljar nemnast, ein absurd og urkomisk person som løftar serien til nye høgder.

2. Narcos

– Narcos-serien fengja meg frå første stund. Den erkeamerikanske forteljar-stemma til DP-agent Steve Murphy, spelt av Boyd Holbrook, er sjølvsagt svulstig og rimeleg tøff i trynet, men likevel gjev det oss ei kjensle av å få historia fortalt i førsteperson. Mest av alt likte eg at serien gjev oss eit godt bilete av Columbia og Latin-Amerika og korleis landa der, politikken, kulturen og kvardagslivet er gjennomsyra og påverka av narkotika-produksjon, smugling og omsetting. Reint filmatisk er det også eventyrlege bilete ein får presentert. Særleg flybileta over byer, gater, jungel og fjell. Sjølv om ein kjenner historia om Pablo Escobar, vert det likevel ikkje kjedeleg å følgja med. Dei første sesongane er best, men det var eit hyggjeleg gjensyn med serien i Narcos Mexico. Og heilt til sist: For eit soundtrack: Rodrigo Amarantes Tuyo er jo berre legendarisk!

3. Sherlock

Sherlock-serien – der Arthur Conan Doyles eksentriske kriminaldetektiv er transportert inn i det 21. århundre, er også ein fantastisk serie. Her er det tempo, og det skadar ikkje å sjå kvar enkelt episode, som kvar og ein på sett og vis har si avslutning, om att eit par gonger. Det har eg gjort sjølv, og på den måten fått meir med meg av dei intrikate problemstillingane og mysteria som Sherlock, spelt av Benedict Cumberbatch, og Dr Watson, spelt av Martin Freeman, blir stilt overfor. Filmatisk er serien, som først vart sleppt i 2013, eit teknologisk meisterverk. Det er kryssklipping over ein låg sko, kjappe tilbakeblikk, visuelle bilete av korleis Sherlock tenkjer og føregrip kva som skal skje, og spenstige og originale kameravinklar. Skodespelarprestasjonane er også her heilt meisterlege.

Benjamin Søgnen Olsen

Så var det meg, då. Fekk dei andre til å velja tre favorittar. Det skal eg også gjera, i tillegg til å lista opp nokre fleire. Vil som Jostein og Kenneth anbefala Peaky Blinders. Har også sett Sherlock, også den hamnar høgt på lista.

Breaking bad (Netflix), The Office (TV 2 Sumo og HBO) og How to get away with murder (Netflix)

Breaking bad:

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjemilæraren Walter White får diagnosen uhelbredeleg lungekreft tidleg i serien. Han går saman med ein tidlegare elev for å produsera og selja metamfetamin, for å forsørga familien og betala for kreftbehandlinga. I fem sesongar får ein følgja White medan han kjempar mot kreften, andre kriminelle, og politiet, for å halda seg i live.

The Office:

Denne serien såg underteikna i løpet av kort tid. Det var trist då det var slutt. Serien handlar om Dunder Mifflin Paper Company i Scranton, Pennsylvania. Sjefen Michael Scott, spelt av Steve Carell, er ei merkeleg skrue, men det er i mi meining Dwight Schrute, spelt av Rainn Wilson, som er den verkeleg store stjerna. Hans karakter åleine gjer denne serien verdt å få med seg. Fantastisk humor gjennom ni sesongar.

How to get away with murder:

Den briljante forsvarsadvokaten og jusprofessoren Annalise Keating (Viola Davis) blir involvert i ei vanskeleg drapssak saman med fem jusstudentar. Dei blir bundne saman, og liva blir endra for godt. I løpet av sesongen får ein mot slutten av episodane eit innblikk og hint om kva som skjer mot slutten, noko som gjer at sjåarane, i alle fall eg, blir hekta – og spent på kva som skjer vidare. Andre del av den sjette sesongen startar opp i april. Dette skal vera det siste kapittelet i serien.

Fleire verdt å nemna:

Nokre reagerer kanskje på at Game of Thrones ikkje er på nokre av listene. Truleg er årsaka den siste sesongen og korleis det heile blei avslutta. Knallgod serie, som er verdt å sjå, men ver førebudd på at slutten kan vera skuffande. For mange var han i alle fall det.

Humor:

Friends, eller Venner for livet, om du vil. Er nok ein serie som mange alt har sett. Underteikna har sett alle ti sesongar mange gonger. Netflix bladde i 2018 opp 100 millionar dollar for rettigheitene til serien, som blei avslutta i 2004(!)

Modern Family: Inne i sin ellevte, og siste sesong. Serien er tilgjengeleg på TV 2 Sumo.

Krim:

Manhunt: Unabomber. Få leietrådar og stadig aukande panikk blant befolkninga får FBI til å nytta ein ny type analytikar for å spora opp den berykta Unabomberen.

Mindhunter: To agentar i FBIs spesialeining for serieforbrytelsar utviklar profileringsteknikkar i jakta på beryktede seriemordarar og valdtektsmenn på slutten av 1970-talet.

Krim/drama:

The Blacklist

Raymond Reddington (James Spader) er ein av FBI sine mest ettersøkte kriminelle. I første episode melder han seg frivillig til politiet, og fortel at han vil samarbeida – men at han berre vil snakka med éin person, agent Elisabeth Keen. Det utviklar seg raskt til eit heilt spesielt samarbeid. I skrivande stund pågår sesong sju av serien.

True crime:

Personleg er eg veldig interessert i denne typen seriar. Det er sjokkerande, skremmande og absurd å sjå kor lite som skal til for å få nokon dømd til fengselsstraff i mange av desse seriane. Er dei skuldige? Blir dei lurt og ført bak lyset? Nokre tips følgjer:

Making a murderer

The Confession killer

Don´t f*** with cats: Haunting an internett killer

The Innocent Man