Tjuven leverte alt tilbake til søndagsopen butikk

Kvinna vart stoppa søndag kveld.

Politiet mistenkjer at kvinna har vore fleire ærend same stad.

Klokka 19 søndag kveld vart ei kvinne i 30-åra teken for tjuveri frå ein butikk på Amfi Os.

— Det er mistanke om at ho har vore der fleire gonger i same ærend, seier fagleiar Atle Birkeland ved Bjørnafjorden politistasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han opplyser at dei stolne gjenstandane vart levert tilbake til butikken og at saka er meld til politiet.