Tid for god nabohjelp: Politibetjent ved Fusa politistasjon, Kjartan Svendsen, bed naboar og publikum om å vera på vakt.

Tjuveri i natt: — Det er frå same område som sist

Sist var det ei hytte. Denne gongen har det vore innbrot i ein bil.

I helga fekk ein mann i 60-åra seg ei keisam overrasking. Han reiste til hytta i Nordtveitgrend for å sjekka at alt stod bra til. Det gjorde det ikkje.

Dørkarmen inn til uthuset var broten opp med brekkjern. Den 360 liter store frysaren fylt til randa med vakuumerte posar av fisk, vilt og bær, var borte vekk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein del av innhaldet var borte, resten var kasta utover golvet.

Det er uvisst kva tid dette skal ha skjedd. Måndag fekk politiet i Fusa melding om nok eit tjuveri i det same området.

— Det er ikkje langt unna hytta de skreiv om nyleg, fortel politibetjent Kjartan Svendsen.

I tidsrommet søndag kveld til måndag morgon skal nokon ha teke seg inn i ein bil og stole ein verktøykasse med verktøy i.

— Melder påpeika at det er viktig at publikum også får informasjon om dette, slik at lokale kan følgja litt ekstra med. Ser ein bilar eller aktivitet som er mistenkjeleg, er det berre til å ta kontakt med politiet, seier Svendsen.

Det er også fint om ein er ein god nabo, og noterer seg alt som kan vera mistenkjeleg.

— Det er god hjelp for oss om vi får inn gode skildringar, bilmerke, skiltnummer eller andre detaljar, fortel Svendsen.