Politiet i Fusa ønskjer tips etter tjuveriraid før helga. (Arkivfoto)
Politiet i Fusa ønskjer tips etter tjuveriraid før helga. (Arkivfoto)

Tjuveriraid i Nore Fusa

Politiet i Fusa ønskjer tips etter at tjuvar har vore på ferde i Nore Fusa-området før helga.

I løpet av dagane frå 10. til 12. mars har folk vore inne i fem garasjar på Samnøy og Boga i Fusa.

- Det er sjeldan vi opplever så mange forhold på ein gong, seier Ove Ivarhus ved Fusa lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet har fått melding om at fem Stihl motorsager og to Johnsered ryddesager er stolne, i tillegg til ein heil del diesel frå ein traktor, i samband med raidet.

- Vi er veldig interesserte i å høyra frå folk dersom dei har sett bilar eller folk i området som kan tenkjast å setjast i samanheng med desse tjuveria, seier Ivarhus.

Han seier politiet så langt ikkje veit nøyaktig når alle tjuveria har skjedd, men dei mistenkjer dei har skjedd på nattestid.