Prikkar: Begge førarane enda med fire prikkar kvar på førarkortet sitt.

To 18-åringar køyrde for fort på Hagavik i natt

Til saman må dei unge bilførarane ut med meir enn 10.000 kroner.

Klokka to natt til laurdag stoppa politiet to bilar ved Hagavik. Begge køyrde 'svært fort', opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Os & Fusaposten har ikkje fått opplyst eksakt fart, men begge fekk 5.400 kroner i forenkla førelegg samt fire prikkar på førarkortet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Storleiken på førelegget, tyder på at dei har lege mellom 11 og 15 kilometer over fartsgrensa.

Begge mennene hadde prøvetid på sertifikatet og er 18 år.

Falsk alarm

Ved midnatt fredag fekk politiet melding om ei ordensforstyrring langs Byvegen.

Politiet kontrollerte ein mann i tjueåra, og det heile viste seg å vera ei misforståing.