To bilar bulka etter påkøyrsel av hjort

Her i Langedalen vart det samanstøyt mellom hjort og bil søndag morgon.

I begge tilfella sprang hjorten til skogs etter uhellet.

Søndag morgon sprang ein hjort inn i ein bil i Langedalen. Det vart ein bulk i bilen og hjorten sprang frå staden.

Søndag kveld i ti-tida, fekk politiet melding om ein ny hjortepåkøyrsel. Denne gongen i Ulvenskiftet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her vart det skade på skjermen og ein bulk over hjulet på venstre side. Hjorten sprang ut på austsida av vegen og mot skogen.

I begge sakene er oppdraget overtatt av Ettersøksringen.