Ulukke: To bilar kolliderte onsdag morgon i Lysefjorden.

To bilar kolliderte front mot front

Begge bilane vert henta med bergingsbil.

To bilar kolliderte på Søvikvegen i krysset til Drangsvegen. Det var 110 Vest som melde om ulukka på X (tidlegare Twitter).

Vest politidistrikt skriv på same plattform at tre personar var involverte. Ingen av dei skal ha vore fastklemde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle involverte vart sjekka av helse på staden, og framstod uskadde. Politiet skriv at ulukka fann stad i ei 50-sone, og at begge bilane måtte tauast.

Oppdatert 07.26:

Varabrannsjef Erik Walden opplyser at ein varebil og ein personbil skal ha vore involvert i ulukka, som skal ha skjedd i krysset Ole Bulls veg/avkøyringa til Drange. Då me snakka med Walden like før kl 07.30, vart det jobba med å få bilane opp på bergingsbil.

Det hadde danna seg ein del morgonkø, men det skulle ikkje vera lenge før det var fri passasje på staden att.

Begge bilane hadde fått ein del materielle skadar og var ikkje køyrbare etter ulukka. Det skal ikkje vera snakk om alvorlege personskadar.

– Fartsgrensa er relativt låg på staden, konstaterer Walden.