Køyrde utfor: Fredag var det ein bil som hamna utfor vegen ved Lyse Kloster-ruinane. Denne bilen var uheldig i same område i fjor.

To bilar i grøfta og ein på jordet

Fredag var det fleire bilar som hamna utfor vegen.

I nærleiken av Lepsøykrysset fredag ettermiddag, skal to bilar ha hamna i grøfta.

— Det er mogleg at den ein bilen hadde stoppa for å hjelpa den andre. Det var ein forbipasserande som melde frå. Trafikken gjekk greitt på staden, og det blei ikkje utført operative tiltak, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre timar seinare fekk politiet melding om ein bil som hadde hamna ut på jordet ved Lyse Kloster-ruinane.

— Politiet var på staden. Førar, ein mann i 30-åra, opplyste at han hadde sklidd av vegen. Det var ingen skadar verken på mann eller bil. Bilberging blei bestilt. Inga politisak, skriv Lyssand.