To bilar i kollisjon på Storum

Ein passasjer skal vera lettare skadd.

Ein Nissan Leaf vart påkøyrt bakfrå av ein annan personbil i 60-sona i Storumsbakken i retning Lepsøy. Det melde politiet på Twitter like før klokka 15 torsdag ettermiddag.

Det var to personar i bilen som vart påkøyrd. Medan føraren framstod uskadd, klaga passasjeren over smerter i bryst-, rygg- og nakkeregion. Vedkomande vart tilsett av helsepersonell på staden.

Begge bilane skal vera i køybar stand, melder vakthavande ved Os brann og redning.

Vegen er rydda og open for ferdsel.

anne-marie@osogfusa.no