Fartskontroll: Her frå ein tidlegare kontroll ved Mobergslia.

To dagar før jul: Fire førarar vart 7.450 kroner fattigare og tre prikkar rikare

Politiet tok oppstilling i Os sentrum og ved Mobergslia.

Frå klokka 11.30 til 12.45 hadde UP mobil- og beltekontroll i Os sentrum.

Det vart ikkje delt ut gull, røykelse og myrra. Det vart derimot gitt ut fire forenkla førelegg for mobilbruk. Kvar av dei på 7.450 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg vanka det tre prikkar på førarkortet.

Mobergslia

Same dagen, frå klokka 15.15 til 15.50, var det kontroll på Halhjemsvegen ved Mobergslia.

Her vart det skrive ut tre forenkla førelegg for fart.

Den høgste vart målt til 81 km/t i 70-sona, noko som gir ei bot på 3.700 kr, men ingen prikkar på førarkortet.