Mange klager: Politiet får stadig mange meldingar som går på høg fart og uvitig køyring, og varslar no fleire kontrollar i tida som kjem. Bilete er frå laserkontroll i Hegglandsdalen i fjor.

Får stadig meldingar: Politiet varslar hyppige kontrollar i tida som kjem

Saman med Utrykkingspolitiet, hadde lokalt politi fleire trafikkontrollar onsdag kveld.

Klokka 18 stilte politiet seg opp i krysset Sperrevikvegen/Lyseklostervegen. Dei hadde blant anna fokus på fart. Resultatet blei eit forenkla førelegg og eit førarkortbeslag.

— Vedkomande som mista førarkortet køyrde i 98 km/t i 50-sona, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ferda gjekk vidare til E39 og Halhjemsvegen. I 70-sona var det tre sjåførar som køyrde for fort i tidsrommet politiet kontrollerte. Høgaste fart var 84 km/t.

— Patruljane avslutta med ny kontroll i Sperrevikvegen. Det resulterte i tre nye førelegg. Høgaste fart då, var 71 km/t. Ein av førarane fekk nye prikkar på førarkortet, og med seks prikkar frå før av, blei førarkortet beslaglagt på grunn av tal prikkar, opplyser Birkeland og legg til:

— Lokalt politi får ofte inn klagar på høg fart og uvitig køyring fleire stader i distriktet. Vi kjem difor til å gjennomføra hyppige kontrollar også i tida som kjem.