Fekk hjelp: Politiet skal ha fått hjelp av ei kvinne med kunnskap om hest, då to lause hestar sprang rundt på Moberg.

To hestar sprang mot politistasjonen. “Hestekviskrar” måtte hjelpa patruljen

Lause hestar skapte hovudbry for politiet.

Torsdag kveld fekk politiet melding om to lause hestar på Moberg, i fart i retning politistasjonen.

– Ei kvinne med kunnskap om desse flotte dyra, kom til unnsetning og saman med patruljen fekk dei hestane tilbake til rett stall, skriv politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dårleg sikt

Patruljen kontrollerte eit køyretøy på Søfteland torsdag kveld i 22.30-tida, skriv Lyssand vidare.

– Køyretøyet hadde dårleg sikt. Bilen blei stoppa ved Søfteland skule. Føraren, ei kvinne i 20-åra, vedtok eit forenkla førelegg på staden, skriv Lyssand.

Kvinna må ut med 3.700 kroner.

Laserkontroll

Onsdag var det kontroll i 80-sona på E39 ved Kolskogen. Resultatet var 16 forenkla førelegg. Torsdag var politiet på plass på Halhjemsvegen i 70-sona. Denne gongen blei resultatet «berre» fire forenkla førelegg. Høgaste hastigheit var 87 km/t. Ingen utslag på promille, opplyser Lyssand.

Trafikkuhell i låg fart

Torsdag føremiddag litt før klokka 12, skjedde eit trafikkuhell på Lyseklostervegen.

– Eit køyretøy trefte eit skilt. Føraren var ei kvinne i 40-åra. Ho hadde med seg ein passasjer. Airbag blei ikkje utløyst. Vegtrafikksentralen blei varsla for å reparera skiltet.