To hjort i denne tunnelen: Natt til tysdag skal to hjort ha gått inne i Lyshorntunnelen.

To hjortar rusla i tunnel: — Her bør det skiltast betre

Rett over midnatt skal to hjort ha vore på tur i Lyshorntunnelen.

Det opplyser politiet i ein e-post tysdag.

Hendinga skal ha funnen stad klokka 00.18, skriv politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vegtrafikksentralen varsla viltnemnda, som var raskt på staden og fekk dyra ut av tunnelen. Her bør det skiltast betre. Vegtrafikksentralen er på saka, skriv Lyssand.

Vidare opplyser Lyssand at patruljen har vore ute i samband med “Aksjon skuleveg” både måndag og tysdag morgon. Måndag morgon var det Nore Neset barneskule som fekk besøk.

— Det blei ikkje observert nokre farlege situasjonar, trass i at det var mange som kryssa vegen utanfor gangfeltet, skriv Lyssand.

Tysdag klokka kvart på åtte, var patruljen ved Os barneskule.

— Heller ikkje her er det noko spesielt å nemna, men politiet var ønskt attende, skriv Lyssand.