Holdhus: Ulukka skjedde i 80-sona mellom Holdhus og Kilen.

To lastebilar har kollidert i 80-sona

Vegen er sperra.

To lastebilar har kollidert i 80-sona på fylkesveg 48 mellom Holdhus og Kilen.

Det var ein person i kvar bil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uhellet skal ha skjedd klokka 11.21, og politiet melde om hendinga på Twitter like etter.

— Det skal ikkje vera snakk om personskade og det er heller ikkje behov for ambulanse, seier politistasjonssjef for Kvam, Samnanger, Fusa og Tysnes, Terje Sperrevik.

Han fortel at det er glatt på staden.

Vegen er per no stengd som følgje av kollisjonen.