Meny: N/A

To nye arbeidarar stadfesta smitta

Ytterlegare to arbeidarar som jobba med utvidinga av Meny er stadfesta smitta av korona.

Onsdag skriver Bergensavisen at to nye arbeidarar som jobba med oppussinga av Meny i Industrivegen er stadfesta smitta av det som truleg er den afrikanske muterte varianten av korona.

– Så langt har arbeidsgjevarane på byggeplassen fått inn 45 negative testresultat. Dessverre har me også fått melding om to positive tilfelle, seier driftssjef i Meny, Christian Myrdal til BA.

Artikkelen held fram under annonsen.

Butikken skulle etter planen opna att neste torsdag, men dette blir no utsett.

– Smitteutbrotet får konsekvensar på den planlagte opninga. Vi kan ikkje gjenoppta arbeidet før det er heilt trygt. Helse går foran framdrift og opning, seier han.

Ikkje frå Bjørnafjorden

Kommuneoverlege Klaus Melf stadfestar at dei to personane som no har testa positivt både er busette og jobbar for firma i Bergen.

– Det er framleis ikkje mistanke om at smitta frå denne arbeidsstokken er spreidd seg til folk utanfor byggjeplassen i Os, seier Melf.