Same reisefølgje: Eitt av dei to tilfella som no er påviste, er ein mann i femtiåra som var i same reisefølgje som mannen som fyrst fekk påvist smitte onsdag.

To nye bekrefta tilfelle i Bjørnafjorden

Det stadfestar smittevernoverlege Klaus Melf.

Det er no totalt tre påviste tilfelle av korona i Bjørnafjorden.

Alle dei tre smitta er menn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eitt av dei to tilfella som no er påviste, er ein mann i femtiåra som var i same reisefølgje som mannen som fyrst fekk påvist smitte onsdag.

Den andre som no har fått påvist smitte er ein mann i slutten av trettiåra som har vore på eit sosialt arrangement i ein annen kommune der fleire frå det same arrangementet har fått påvist smitte.

Dei to gjekk sjølv i karantene på bakgrunn av at dei høvesvis hadde vore i dette reisefølgjet og på dette sosiale arrangementet, og dei skjønte at dei moglegvis var smitta av korona.

Då dei to utvikla symptom, gjekk også familiane deira i karantene. Ingen familiemedlemer har symptom. Og dei er heller ikkje testa.

Ingen treng gå i heimekarantene på bakgrunn av desse smittetilfella.

– Det er ingen mistanke om vidare spreiing frå desse to tilfella, seier Klaus Melf og held fram:

– Grunnen til at dei ikkje er testa, er symptomfriheit, men vi er no også inne i en ny fase der det ikkje er mogleg å testa alle. No har indikasjonen for testing endra seg, og det er helsepersonell og pasientar innlagt i helseinstitusjonar som vert testa ved symptom. Andre mistenkt smitta skal isolera seg heime til ein er symptomfri pluss ei veke til. Dette for å unngå å spreia smitten til helsepersonell/helsetenesta og sårbare grupper i samfunnet. I ein tidlegare fase var målet å spora kvart sjukdomstilfelle. Det er ikkje aktuelt i denne nye fasen, forklarer Melf.

Melf legg til at det er slik at ein må ha utvikla symptom for at testen skal gje eit påliteleg resultat. Om ikkje ein har symptom, kan ein test gje falsk tryggleik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vart utført totalt 12 testar torsdag. Ein ventar framleis på nokre fleire svar frå desse. Fredag vart det testa 43 pesronar.

– Mange av desse var helsepersonell der det vart teke ein ekstra runde, fordi ein del gjekk med luftvegssymptom. Dette vart gjort for å vera på den sikre sida.

Dersom det vert funne ein positiv test, er det umiddelbar varslingsplikt. Melf reknar difor med at svar på negative testar vil ta noko lengre tid.

Han ventar fleire svar utover laurdagen eller søndagen.