Koronavirus: Så langt er det 18 stadfesta tilfelle av koronaviruset i Bjørnafjorden kommune. Foto: Illustrasjon

To nye tilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden

To personar i 20-åra har testa positivt for viruset og er no i isolasjon i heimen.

Bjørnafjorden kommunen skriv på nettsida si at dei to blei smitta i utlandet.

Assisterande kommuneoverlege Jonas Dale seier at smitten er under kontroll. Dei to var del av eit reisefølgje som no er i karantene i påvente av prøvesvar.

Det er utført smittesporing på alle nærkontaktar, og Folkehelseinstituttet er varsla i samband med smittesporing på fly.

Dette er dei første smittetilfella i Bjørnafjorden kommune sidan 14. april 2020. Totalt er det no 18 bekrefta smittetilfelle av det nye koronaviruset covid-19 i Bjørnafjorden kommune.