Ferske is-målingar viser at Lekvenvatnet og Bjørnavatnet er farbar.
Ferske is-målingar viser at Lekvenvatnet og Bjørnavatnet er farbar.

To nye vatn er skøyteklare

Os brannvesen har vore ute og måla is igjen. Dei konkluderer med at ytterlegare to vatn er skøyteklare.

Sist veke tok brannvesenet over ansvaret med å måla om isen er farbar i kommunen. Sidan då har dei kome med hyppige oppdateringar om kvar ein trygt kan gå på skøyter.

I dag har dei vore ute igjen. I ei melding på Facebook skriv dei at Lekvenvatnet og Bjørnavatnet også er farbar. I tillegg skriv dei at Ulvenvatnet nord ikkje er farbar, og at det er hol i isen fleire plassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er lista

Etter at Lekvenvatnet og Bjørnavatnet blei erklært farbare, ser den oppdaterte lista slik ut:

Farbar:

Gåsakilen, Banktjørno, Langavatnet, Lekvenvatnet, Strønevatnet og Bjørnavatnet.

Sørenden av Ulvenvatnet er farbar, men frå brua og nordover er ikkje farbart.

Ikkje farbar:

Vindalsvatnet og Tveitavatnet.