Brann i bosspann: Det lukta svidd fleire stader på Moberg.

To påsette brannar på Moberg

Det eine i eit søppelspann, det andre i ei postkasse.

I løpet av årets fyrste dagar har politiet fått melding om brannstifting frå to ulike adresser i Moberg-området på Os.

Bebuaren som høyrde eit smell fyrste nyttårsdag, antok det var fyrverkeri. Heilt til vedkomande såg at det brann i eit søppelspann.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den andre hendinga vart oppdaga tysdag i det meldaren skulle henta posten. Det lukta svidd, og den kvite postkassa var heilt svart innvendig. Posten som låg der hadde delvis brunne opp.