To nye tilfelle: Kommunen opplyser om to nye tilfelle av covid-19.

To påviste tilfelle søndag - barn på eitt år blant desse

Det opplyser kommunen på heimesidene sine.

Ei kvinne i 30-åra og barnet hennar på eitt år fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden i går, 3. januar. Det skriv kommunen på heimesidene.

– Begge er nærkontaktar til eit tidlegare bekrefta smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune. Alle nærkontaktar er varsla, vert det opplyst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag 31. desember fekk ein mann i 30-åra påvist covid-19.

Smittevegen her er kjend, og kjem frå ein annan kommune. Alle nærkontaktar er varsla.