Trafikkontroll: Politiet og Statens vegvesen gjennomførte kontroll i EIkelandsosen ved Fusa vidaregåande skule torsdag.

To unge førarar meldt etter at politi og vegvesen gjennomførte kontroll torsdag

— Dette kjem vi til å gjera igjen, fortel vakthavande politibetjent i Fusa.

Det var torsdag at politiet og vegvesenet hadde kontroll i Eikelandsosen i nærleiken av Fusa vidaregåande skule.

— På to lettmotorsyklar var det fjerna “db-killer”. Det gjer mellom anna at støynivået på desse syklane aukar monaleg. Vi ser at det er eit aukande problem, seier politibetjenten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare fortel betjenten at dei saman med vegvesenet kjem til å ha fleire kontrollar i tida som kjem.

— Vi vil ha fokus på dette og trimma mopedar, seier politibetjenten.

Det er oppretta sak og det er opp til ein jurist kva som skjer vidare, opplyser politiet.