Her er eit nokre av vikingane frå Os barneskule. 47 elevar frå 6. trinn tok del i vikingkvelden. Berre tre mangla. I mengda kan ein også finna dei tre lærarane Reidun Lilletvedt, Stian Lunde og Niklas Linde.
Her er eit nokre av vikingane frå Os barneskule. 47 elevar frå 6. trinn tok del i vikingkvelden. Berre tre mangla. I mengda kan ein også finna dei tre lærarane Reidun Lilletvedt, Stian Lunde og Niklas Linde.

Tok familiane med tilbake til vikingtida

Fleire veker med fokus på vikingtida, kulminerte i ei stemningsfylt framsyning i amfiet på Os barneskule. Foreldre, familie og lærarar har god grunn til å vera stolte av elevane på 6. trinn.

Då mørket kom sigande, var alle dei 47 vikingane klare til dyst. Så godt som, i alle fall. Nokre mangla bart, og andre leita etter utstyret sitt. Dei hadde nemleg laga skjold, og med seg hadde dei våpen som dei hadde lånt eller teke med seg heimanfrå. Kostyma var også lånt.

– Eg har vore med på tilsvarande vikingkveld då eg jobba på ein annan skule, fortel Reidun Lilletvedt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho tok initiativ til å laga vikingkveld på Os barneskule, og dei to andre lærarane på 6. trinn, Niklas Linde og Stian Lunde, var ikkje vonde å be.

– Dei var positive, som dei alltid er, seier Lilletvedt og smiler.

– Det er så vidt eg veit første gong at det blir arrangert vikingkveld på Os barneskule. Kanskje vi kan gjera det til ein tradisjon?

August Sørås Hjelle og Ragnhild Rastad hadde sentrale roller. August var Harald Hårfagre og Ragnhild var Olav den hellige.
August Sørås Hjelle og Ragnhild Rastad hadde sentrale roller. August var Harald Hårfagre og Ragnhild var Olav den hellige.
Der rauk parykken, Harald Hårfagre!
Der rauk parykken, Harald Hårfagre!
På med lausbart.
På med lausbart.
Reidun Lilletvedt og Geir Bjørkhaug.
Reidun Lilletvedt og Geir Bjørkhaug.
Utstilling.
Utstilling.

God trening for elevane

Planen var å ha framsyninga ute i skulegarden, så lenge vêret heldt – noko det gjorde. Skuleplassen er ein fin stad å ha framsyning med eit naturleg amfi for tilskodarar. På plassen hadde dei tent lys og faklar, og lærarane hadde rigga med lyskastarar. I tre veker før vinterferien jobba elevane med vikingtida.

– Dei jobba på noko som heiter kontraktsaktivitetsprogam med vikingtida som tema, seier Stian Lunde og held fram:

– Elevane fekk med seg heim eit hefte med alle mål for vekene, og ulike oppgåver. Dei ulike oppgåvene varierte frå skriving til drama og kunst og handverk. Elevane valte tre oppgåver og skreiv under på kontraktar der dei bind seg til å levera inn innan ein gitt tidsfrist. På denne måten kan dei finna ut korleis dei lærer best, og det har gått ufatteleg bra, spør du meg. Niklas Linde og Geir Bjørkhaug har gjort ein fantastisk innsats med kunst og handverk-biten. Om eg hadde hatt ansvaret for det, så hadde vi ikkje fått eit resultat som dette.

Klarte ikkje la vera å le

For i tillegg til å laga skjold, hadde elevane laga ei detaljert utstilling som synte til dømes korleis vikingane levde og korleis dei trudde jorda såg ut. Dei hadde i tillegg laga ulike vikingskip. Elevane hadde meg seg dei ulike elementa ut på plassen og fortalde publikum om vikingtida. Sjølve skodespelet har dei øvd på ved høve dei siste vekene.

– Kvar fredag har dei fått øva seg på framføring. Det er god trening for dei, for det er det som ventar dei når dei startar på ungdomsskulen og vidaregåande skule, seier Lunde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølve generalprøva gjekk framfor medelevar på skulen frå 1.-, 2.-, og 4. trinn. Det medgjev August Sørås Hjelle, som spelte Harald Hårfagre, at var litt pinesamt.

– Det var ikkje så skummelt, men litt flaut. Det gjekk betre no, men som du sikkert såg, så klarte eg ikkje å la vera å le, seier han og legg til:

– Når eg må sjå ein kamerat i augo, med ein teit lausbart, medan han held i parykken min, så er det ikkje så lett å halda seg.

Levde oppå kvarandre

Ragnhild Rastad spelte Olav den heilage. Ho er nøgd med framføringa deira, og seier at det kjekkaste med heile prosjektet, var å få øva til skodespelet.

– Det har også vore kjekt å få læra om korleis dei levde. Vi har fått smaka på ting som dei åt og drakk mykje av, som surmjølk, skinke og tørrfisk. Det verste var surmjølka, seier ho.

– Heilt klart, legg August til.

– Kva er den største skilnaden, slik de ser det, på korleis vikingane levde og vi lever no?

– Vi er vane med mobilar og teknologi. Eg trur ikkje eg hadde klart å leva slik dei gjorde. Dei hadde også heilt andre klede enn vi har. Dei kriga mykje og reiste rundt for å plyndra, seier August.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei levde oppå kvarandre. Det var ikkje mykje privatliv. Ein hadde ikkje eit eige rom ein kunne gå til om ein ønskte litt fred, seier Ragnhild.

Etter at framsyninga og utstillinga var over, fekk publikum og skodespelarar tilbod om å eta kvelds på skulen.

– Kva har de på menyen? Mjød?

– He-he, nei. Det er nok ikkje mjød på menyen. Då set vi strek over vikingtida, og inviterer på ein normal kvelds, seier Niklas Linde.